SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 3 skann 5

Forord «Mønsterplan for grunnskolen» avløyser normalplanane av 1939 og «Læreplan for forsøk med 9-årig grunnskole». Førebuinga av mønsterplanen har gått for seg slik: Kyrkje- og undervisningsdepartementet nemnde i 1967 opp eit utval med dosent Hans Jørgen Dokka som formann som skulle komme med framlegg til mønsterplanar for 9-årig skole. Utvalet, som tok namnet Normalplanutvalet av 1967, gjorde i to innstillingar våren 1970 framlegg om ny normalplan for grunnskolen. Framlegget frå Normalplanutvalet vart sendt institusjonar og organisasjonar til fråsegn sommaren 1970. Det kom inn i alt vel 360 skriftlege fråsegner. Bak mange av desse fråsegnene låg det eit omfattande arbeid. Som døme kan ein nemne at fråsegna frå Norsk Lærarlag bygde på ca. 500 skriftlege fråsegner frå lokale lærarlag og lærargrupper frå heile landet. Mønsterplanen avløyser tidlegare læreplanar. Normalplanutvalet av 1967. Tilråding frå På grunnlag av framlegget frå Normalplanutvalet og fråsegnene om det, utarbeidde Grunnskolerådet (det som da heitte Folkeskolerådet) våren 1971 tilråding om Mønsterplan for grunnskolen. Det var dette framlegget - med enkelte endringar - Kyrkje- og undervisningsdepartementet la fram i Mønsterplan for grunnskolen, mellombels utgåve 1971 (M7l). Grunnskolerådet. Den mellombels utgåva av mønsterplanen vart send Stortinget saman med stortingsmelding nr. 46 1971-72, Om Mønsterplan for grunnskolen. St.meld. nr. 46 1971-72, Om Mønsterplan for grunnskolen. Dei endringane som ligg føre i den nye utgåva, Mønsterplan for grunnskolen 1974 (M 74), er gjorde på grunnlag av innstilling frå Grunnskolerådet. Denne innstillinga byggjer på behandlinga av stortingsmeldinga i Stortinget og fråsegner som er mottekne etter at Mønsterplan for grunnskolen, mellombels utgåve 1971, kom ut. Nytt stoff i M 74. Desse fagplanane og/eller kapitla er nye eller heilt omarbeidde : I Generell del. Yrkesorientering (nytt hovudavsnitt under Sosialpedagogisk teneste/ rådgjeving) . Hjelpetiltak (omarbeidd). II Obligatoriske fag. Samisk med skriftforming (ny plan). Matematikk (omarbeidd.) 111 Obligatoriske emne. Familiekunnskap (ny plan). IV Valfag. Det andre framandspråket : Fransk, russisk, spansk og tysk (ny plan) .
Skann 5 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 3». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/5/