SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 56 skann 58

56 Gruppearbeid. Så viktig som gruppearbeidet i ulike former er i skolearbeidet, må det vere ein føresetnad at det også finst læremiddel som er utforma med tanke på slikt arbeid. Ein viser til eige avsnitt om gruppearbeid under kapitlet Arbeidsmåtar. Omsyn å ta når ein Når ein skal kjøpe inn læremiddel, er det visse praktiske omsyn å ta skal kjøpe læremiddel. i tillegg til dei pedagogiske. Først og fremst gjeld det at eit læremiddel må vere praktisk i bruk, enkelt og lett å administrere. Når ein kjøper apparat m.m., må ein kontrollere at dei er driftssikre og lette å halde ved like og reparere. Ein må vere merksam på den utvikling og standardisering av apparat, materiell og utstyr som skjer, ikkje minst på området for audiovisuelle hjelpemiddel. YMSE SLAG LÆREMIDDEL Både på lågare og høgare klassesteg må undervisninga konkretiserast og gjerast åskodeleg og aktivitetstrongen til elevane stettast. Utgangspunktet for undervisninga bør vere ting, handlingar og situasjonar som høver med kunnskapsnivået, tanke- og fantasilivet til elevane. I mange tilfelle vil det vere naturleg å knyte undervisninga til verda nærmast omkring oss. Ikkje minst gjeld dette fag som heimstadlære, naturfag, samfunnsfag og orienteringsfaget. I dette arbeidet må ein vere merksam på den verdien det har at elevane sjølv får byggje opp og stelle med eksempelsamlingar av ymse slag. Ved sida av dette vil det vere behov for modellar og øvingsutstyr til konkretisering og innlæring av grunnleggjande omgrep på dei fleste fagområde i skolen. Ord og bilete. Etter kvart som evna til abstrahering blir utvikla hos elevane, vil ord, bilete og andre symbol for røyndomen få ein breiare plass i skolearbeidet. Både munnleg og skriftleg framstelling kan gjerast åskodeleg og styrkjast med bilete. Til det biletmaterialet ein til vanleg bruker i skolearbeidet, høyrer bl. a. bokillustrasjonar, stillbilete og levande bilete i film og fjernsyn. Når ein skal velje biletmateriale, må ein hugse på at ein dårleg illustrasjon heller kompliserer enn lettar forståinga. Ofte har ei enkel strekteikning den beste pedagogiske verknaden, fordi den kan understreke det som er viktig i ein bestemt læringssituasjon. Illustrasjonar, bilete og grafisk materiell må gjere meir enn å skape interesse for stoffet. Materiellet må brukast slik at det skaper meining i det emnet ein held på med, og aukar læringseffekten. Bileta skal identifisere ting, forklare korleis prosessar går for seg og stimulere elevane til å dra slutningar. Dei skal formidle tankar og kjensler som kan føre til meir læring med mindre strev. Byggjebilete høver særleg godt til å levandegjere ei forteljing eller ei hending, eller til å byggje opp og forklare ein komplisert samanheng. Teknikken kan utnyttast t.d. når ein teiknar på veggtavla, ved bruk av flanelltavle eller skriftprosjektør. Lærebøker og andre trykte læremiddel. Til kategorien trykte læremiddel høyrer først og fremst lærebøker av ymse slag, og dessutan faglitteratur, skjønnlitteratur, informasjons- og øvingsmateriell, aviser og tidsskrift m.m. Dersom skolen skal kunne imøtekomme dei ulike og skiftande behov hos elevane, må ein ha eit godt utval av trykte læremiddel av ulik vanskegrad. Materiellet må dekkje ulike interesser hos elevane og må kunne høve for ulike arbeids-
Skann 58 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 56». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/58/