SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 55 skann 57

Krav til læremidla Individuelt arbeid, Læremiddel Med læremiddel meiner ein her alt det utstyr og materiell som blir brukt av lærar og elev i samband med undervisning og læring. Dei fleste læremidla har ein supplerande funksjon, dei kompletterer og stør opp om det lærestoffet elevane arbeider med. Det er ein føresetnad for rett utnytting av hjelpemidla i skolen at det er nøye samsvar mellom lærestoff, læremiddel og arbeidsmåtar. Behovet for læremiddel i skolearbeidet vil derfor variere etter undervisningsopplegg, læringssituasjon og dei resultat ein vil oppnå. Når nytt lærestoff og nye arbeidsmåtar blir innførte, må ein derfor rekne med at det blir behov for nye læremiddel. Alt etter dei oppgåver læremidla har i undervisnings- og læringssituasjonen, må ein setje visse krav til dei. Eit generelt krav må vere at dei gjer det lettare for elevane å tileigne seg kunnskap og dugleik, og at dei hjelper til å skape den motivering og stimulans som trengst for å engasjere og aktivisere elevane i skolearbeidet. Ut frå dei formål læremidla skal tene, må ein dessutan kunne setje meir spesielle krav til dei. Nokon skal kunne instruere, informere, illustrere eller innprente stoff, andre kan ha til oppgåve å presentere nytt stoff eller problem som elevane skal arbeide vidare med. Når læraren vel læremiddel, må han ta med i vurderinga korleis elevane reagerer på dei, og prøve å sikre ei positiv innstilling ved å velje hjelpemiddel som tek omsyn til standpunkt og ulike føresetnader hos elevane. Fordi elevane har ulike evner, kunnskapar og dugleik må læremidla til ein viss grad leggje forholda til rette for individuelt arbeid. Dersom kvar elev skal fa utvikle seg etter sine individuelle føresetnader, må den tradisjonelle klasseundervisninga - der læraren talar til alle elevane samtidig og gjev alle dei same arbeidsoppgåver og prøver m.m. - vike for gruppearbeid og meir individuelt arbeid. Læraren kan ikkje makte å gje kvar elev eller kvar einskild gruppe av elevar i ein klasse den undervisninga som dei kvar for seg - og ofte samtidig - vil ha behov for. Elevane må fa høve til å arbeide sjølvstendig med lærestoffet. Dette set visse krav til læremidla. Dei må utarbeidast slik at elevane kan finne dei forklaringar og instruksjonar, oppgåver og kontrollprøver som trengst. Dei må i det heile gje elevane høve til å ta seg fram på eiga hand utan stadig å måtte spørje læraren til råds. For å stette dette behovet må det altså finnast læremiddel som er både sjølvinstruerande og sjølvkont- rollerande.
Skann 57 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 55». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/57/