SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 53 skann 55

53 Stoff som elevane bør vere saman om. Særskild planlegging. Fellesemne i heimstadlære. Samla klasse frå fjerde klassesteget og oppover. Sjølvinstruerande og sjølvkontrollerande læremiddel. byte ved å arbeide i ei anna gruppe. Elevar frå eit høgare årskull kan t.d. fa eit lærestoff repetert i ei gruppe på eit lågare steg når denne gruppa får den første innføringa i stoffet. Einskildelevar kan etter ei meir eller mindre varig ordning gå inn i ei gruppe på eit høgare eller eit lågare alderssteg enn sitt eige. Slik plassering i grupper må ein sjå som ledd i arbeidet for å gj e mest mogeleg tilpassa undervisning til kvar einskild elev. I fag der det ikkje er så naudsynt å ta emne og stoffdelar i ei fast rekkjefølgje, bør heile klassen lage ei gruppe. Dette kan vere ynskjeleg også fordi elevane elles forstyrrar kvarandre, t.d. i musikk. Lærestoff som først og fremst skal opplevast, bør heile klassen vere saman om, både fordi lærestoffet kjem meir til sin rett på den måten, og fordi elevane får oppleve kjensla av fellesskap og samhøyr. Når alle årskulla skal arbeide med same lærestoffet, må det spesiell planlegging til. Lærestoffet må fordelast på så mange år som det er årskull i klassen, og det må komme i rett rekkjefølgje slik at elevane i løpet av den tida dei går i klassen, får arbeide med dei emna som dei etter læreplanen skal arbeide med på dei klassestega det gjeld. Arbeidsmåten må veljast slik at elevane får ei allsidig studieopplæring og røynsle med varierte uttrykksformer. Eit spesielt problem i fådelt skole er det at det i byrjinga av kvart skoleår kjem ei ny gruppe elevar inn i klassen. Desse elevane bør ta til med arbeidet i dei ymse faga ut frå eigne føresetnader. På dei lågaste klassestega vil det vere naturleg å sentrere undervisninga om emna i heimstadlære. Dette er stoff som elevane for ein stor del kan vere saman om. Emna bør ordnast etter årsrytmen. Innanfor planen i heimstadlære vel ein kvart år emne i takt med årstida, men elevar frå ulike årsgrupper bør arbeide på kvar sin måte med emnet. Frå fjerde klassesteget blir undervisninga i heimstadlære ført vidare i orienteringsfag eller i samfunnsfag og naturfag. Også i planane for desse faga er lærestoffet ordna i emne. Det same gjeld lærestoffet i samfunnsfag og naturfag på ungdomssteget. Rekkjefølgja av emna er ikkje avgjerande. Ein må berre vere merksam på at somme av dei tek ein opp til visse årstider. Samordning av samfunnsfag og naturfag byr i mange tilfelle på fordelar. Lærestoffet bør fordelast slik at elevane gjennom skoletida får arbeide med dei mest sentrale emna innanfor dei einskilde faga. Omfanget av lærestoffet må ein tilpasse dei føresetnadene elevane har. Læremiddel og utstyr må vere ordna slik at elevane lett kan få tak i det dei treng. Elevane må ha høve til å arbeide med ulike aktivitetar, individuelt eller i grupper, under rettleiing frå læraren og med hjelp av sjølvinstruerande og sjølvkontrollerande læremiddel. Lagundervisning. Organisert samarbeid. Eit relativt fast samarbeid mellom ei gruppe lærarar er ofte føresetnaden for ei heldig løysing på planleggings-, samordnings- og organiseringsproblema. I mange tilfelle vil det vere den beste måten å nytte ressursar og særinteresser på om ei gruppe lærarar i fellesskap har ansvaret for å planleggje, utforme, gjennomføre og vurdere undervisninga for ei større gruppe elevar. Ulike samansetningar. Samansetninga av undervisningslaga kan variere frå skole til skole alt etter storleik, planløysing og spesielle tilhøve ved den einskilde
Skann 55 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 53». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/55/