SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 52 skann 54

52 må fa tilstrekkeleg utfordrande og utviklande oppgåver, ikkje berre meir arbeid av same slaget som dei andre. Vektlegging på breidd Særleg når det gjeld elevar som arbeider seint, kan det bli spørsmål eller det å vere grundig. om dei bør konsentrere seg om få og sentrale emne, eller om dei så langt det er mogeleg bør prøve å nå over alle emna som er nemnde i planen for vedkommande fag. Eit bestemt svar er det ikkje mogeleg å gje på dette spørsmålet. Faget og evner og interesser hos den einskilde eleven må avgjere kva ein bør leggje størst vekt på: breidd eller det å vere grundig innanfor eit snevrare område. Det er berre viktig å vere merksam på at ein må ta omsyn til kva alternativ som er valt når ein vurderer arbeid og standpunkt til ein elev. Individualisering Alle former for individualisering set store krav til lærar og elevar, til set store krav. læremiddel og til innreiing og utstyr på skolen. Arbeidet må plan- leggjast nøye og i stor mon gjennomførast av fleire lærarar i fellesskap. Elevane må kunne arbeide disiplinert og med stort sjølvstende. Læremidla må vere slik at hjelp frå lærar ikkje stadig er påkravd. I arbeidsrommet må elevane lett kunne finne materiell dei har bruk for. Dei må kunne skifte arbeidsplass, ta kontakt med medelevar, lage grupper osv. i løpet av ei arbeidsøkt. Fellesskap med Individualisering av arbeidet må ikkje gjennomførast slik at det blir medelevar. skapt usunn konkurranse mellom grupper og mellom einskildelevar. Særleg dersom det blir laga tilnærma homogene grupper, anten innanfor eller på tvers av klassane, må ein prøve å motverke at det samtidig blir skapt ei rangordning blant elevane. At elevane er likeverdige må aldri komme i skuggen for det at dei er ulike og har krav på individuell behandling. Derfor er det mykje om å gjere at dei stadig møtest til samarbeid på like fot. Individualiseringa må ikkje svekkje fellesskapskjensla. Fådelt skole. Større skilnad mellom elevane. I fådelt skole er det elevar på ulike alderssteg i same klasse, og vanlegvis større skilnad mellom føresetnadene hos elevane i klassen enn i fulldelt skole. Problema med rett tilpassing av lærestoff og arbeidsmåtar fører da i regelen til større behov for gruppedeling. Fådelt skole set spesielt store krav til læraren når det gjeld å leggje til rette lærestoff og velje arbeidsmåtar. Årskullgrupper. I fådelt skole er det i ein viss mon aktuelt å lage grupper for ulike alderssteg. Dette gjeld t.d. i matematikk, skriftforming og i den første leseundervisninga der arbeidet må følgje ein fast progresjon. Reine rskullgrupper er mest naturleg på begynnarsteget og når elevane tek til med eit nytt fag, t.d. engelsk. Begynnarsteget. Begynnarundervisninga står på mange måtar i ei særstilling. Jamvel om elevane er svært ulike på mange område når dei tek til på skolen, så har dei det til felles at skolesituasjonen er ny for dei. Det er viktig at elevane på begynnarsteget får vere mykje saman med sin eigen lærar, får hjelp til å finne seg til rette i skolemiljøet og grunnlag for ei positiv innstilling til skolen. I den første tida bør dei i alle tilfelle ha ei viss tid kvar dag for seg sjølv saman med læraren. Årskullgrupperingar i fådelt skole bør vere fleksible, og dette blir meir aktuelt etter kvart som elevane blir eldre. Det bør vurderast i kvart einskilt tilfelle om det er best for eleven å følgje årskullet han etter alderen høyrer til, eller om han kanskje vil trivast betre og få større ut- Fleksibel gruppeinndeling.
Skann 54 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 52». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/54/