SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 51 skann 53

51 Individualisering er naudsynt. Organisatoriske tiltak. Individualisering innanfor klassen. Tempodifferensiering Eit fellesemne , men ulike oppgåver Elevane bør få øving i møteteknikk, i å leie ordskifte, ta del i diskusjon, referere osv. Slike arbeidsformer bør nyttast i stor mon også i klassen, og ein bør ta til alt på dei lågaste klassestega. Ein bør arbeide mot det målet at flest mogeleg av elevane .kjenner det naturleg å ta del. Individualisering. I ein skole som vil hjelpe den einskilde eleven til å realisere seg sjølv, sine evner og anlegg, må undervisninga meir eller mindre individualiserast. Elevar på same alderssteget eller i same klassen kan vere så ulike i evner og anlegg, karakter og personlegdom at det er urimeleg å møte dei alle med same krava eller gje dei same undervisninga. Skal ein gjennomføre tilfredsstillande individualisering, er organisatoriske tiltak naudsynte. På alle steg må det såleis vere høve til å lage eigne grupper eller klassar av elevar som treng hjelpetiltak, eventuelt å gje dei slik undervisning einskildvis. På ungdomssteget må ein kunne lage grupper av elevar som vel same valfaget. Dette er ein heilt naudsynt føresetnad om valfagordninga skal svare til føremålet. Spesielt på ungdomssteget må dei vanlege klassane kunne løysast opp i grupper som får undervisning kvar for seg. Utan omsyn til kva slag organisatoriske tiltak som blir gjennomførte, må ein leggje særs stor vekt på å individualisere undervisninga og arbeidet innanfor den einskilde gruppa eller klassen. I praksis vil dette seie at elevane i stor mon må arbeide på eiga hand, og at dei derfor må fa læremiddel som gjer arbeidet mogeleg. Større eller mindre delar av lærestoffet må høve for sjølvstudium, og elevane må kunne føre kontroll med eige arbeid og eigen framgang. I mange tilfelle kan slikt undervisningsopplegg berre bli gjennomført dersom to eller fleire lærarar som har parallelle grupper eller klassar, samarbeider om det. At arbeidet blir individualisert, fører ikkje til det same i alle fag. I somme fag fører det først og fremst til det at elevane arbeider seg gjennom eit lærestoff i ulikt tempo, og at dei derfor ikkje kjem like langt i arbeidet om dei bruker like lang tid til det. Dette gjeld særleg fag der lærestoffet har ei systematisk oppbygging, og der ein må følgje ein fast progresjon i arbeidet. Tempodifferensiering er såleis mindre aktuell i t.d. samfunnsfag og kristendomskunnskap enn i matematikk og språkfag. I dei sistnemnde faga vil det og vere særleg behov for å lage grupper av elevar som arbeider i same tempo og på same faglege nivå. Grupper kan lagast innanfor den einskilde klassen eller av elevar frå ulike klassar. Måten å gjere dette på er avhengig av forholda ved den einskilde skolen. I alle tilfelle må den einskilde eleven kunne høyre til grupper på ulike nivå i ulike fag. I fag der det er mindre naudsynt å følgje ein fast progresjon i arbeidet, kan individualiseringa få ein noko annan karakter. Her kan klassen vere samla om same stoffet samtidig som elevane einskildvis eller gruppevis far oppgåver av ulik art og vanskegrad. Somme må fa eit arbeid på det heilt elementære og konkrete planet. Andre kan fa oppgåver på eit høgt abstraksjonsnivå. For alle er det naudsynt å ha tilgang til eit rikt utval av litteratur og andre læremiddel. Det er like viktig for alle at arbeidet set krav som verken ligg for høgt eller for lågt. Likevel er det grunn til å nemne spesielt at dei elevane som har størst arbeidsevne, 4*
Skann 53 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 51». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/53/