SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 50 skann 52

50 Klasseundervisning er avgrensande. Fellesundervisning i storgrupper. Individuelt arbeid i storgrupper. Undervisning i mindre grupper. Krav til organisering. Arbeidsformer i grupper. Men klasseundervisning verkar samtidig avgrensande. På grunn av den store spreiinga som finst på alle steg, er det umogeleg å leggje undervisninga til rette slik at ho passar for alle elevar. Ein av farane ved stor bruk av klasseundervisning er derfor at undervisninga gjerne kjem til å rette seg etter gjennomsnittsnivået. Dette kan gjere det vanskeleg å møte den einskilde eleven på det nivået han står på. Ofte er det så at somme elevar ikkje kan følgje med, mens andre inga utfordring finn i arbeidet og såleis ikkje far utnytta evnene sine. Har ein lokale som høver til det, kan det vere aktuelt å lage større grupper ved å føre to eller fleire klassar saman. Dette krev grundig førebuing og planlegging, nært samarbeid mellom vedkommande lærarar, og tilgang på tenlege læremiddel. Ordninga gjer det mogeleg å utnytte spesielle interesser og kvalifikasjonar som den einskilde læraren har. Timane i større grupper kan brukast t.d. til å sjå film og fjernsyn, til foredrag og musikk, til innføring i stoff som ein så arbeider vidare med i klasse eller gruppe 0.1. I mange høve kan elevane komme med førebudde innslag i tilknyting til lærarundervisninga eller med framføring av eigne program. Storgruppeundervisning kan utan tvil vere svært verdfull. Den kan dessutan avlaste lærarane så dei far høve til å undervise i mindre grupper eller gjere anna arbeid. Ordninga med storgrupper kan også komme på tale når elevane arbeider med sjølvinstruerande og sjølvkontrollerande materiell. Parallelt med arbeidet i storgruppe må ein da leggje opp til undervisning i mindre grupper. I storgruppa arbeider kvar einskild elev så langt som mogeleg på eiga hand, og ein lærar kan derfor ha ansvar for etter måten mange elevar. I mindre grupper kan elevar som treng spesiell hjelp, fa undervisning. Viktig er det og at elevane i små grupper far høve til å drøfte stoffet og far øving i munnleg uttrykksform. Ein må derfor syte for at alle elevar med jamne mellomrom får vere med i ei mindre arbeidsgruppe. Undervisning i mindre grupper kan gjennomførast innanfor dei fleste fagområda. Denne organisasjonsforma kan vere aktuell når det er tale om å gje spesiell undervisning til ei gruppe elevar der alle har vanskar av same slag. Grupper av elevar kan samarbeide når det gjeld innøving av dugleik og kunnskapar. I somme høve kjem gruppelaginga i stand på grunnlag av visse interesser, det gjeld t.d. gruppeundervisning i instrumentalmusikk, gjennomgåing av ein teknikk i forming osv. Andre gonger er det naturleg at elevar med relativt jamne føresetnader lagar ei gruppe. Ved gjennomført gruppeundervisning må læraren organisere arbeidet slik at han får høve til å undervise gruppene skiftevis. Skal alle elevane fa utnytta tida, er det naudsynt at læraren arbeider ut arbeidsprogram for dei ulike gruppene. Ofte er det tenleg å bruke elevar som hjelparar. Føresetnaden for vellykka gruppeundervisning i ein større elevflokk er at elevane lærer sjølvstendig studiearbeid, at naudsynt materiell og naudsynte læremiddel er tilgjengelege, og at organiseringa av undervisninga er grundig gjennomtenkt. Det er særs viktig at elevar og lærar får høve til å konsentrere seg om arbeidet i den aktuelle gruppa, og får arbeide med nettopp det stoffet som desse elevane har behov for å fa gjennomgått. Arbeidsformer som er vanlege i demokratiske organ og i organisasjonslivet, kan lærast og øvast i gruppeundervisning og gruppearbeid.
Skann 52 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 50». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/52/