SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 49 skann 51

49 Ein stor del av planlegginga gjeld den einskilde dagen og den einskilde timen eller arbeidsøkta. Når læraren planlegg dagen, må han ha heile timeplanen for vedkommande klasse for auge slik at kvar dag får eit variert og vel tilpassa program. Gjennom dagen bør det vere eit skifte mellom fellesarbeid og individuelt arbeid, mellom mental og manuell aktivitet, mellom reseptiv og produktiv verksemd. Like eins bør det vere variasjon i bruk av læremiddel og i arbeidsintensitet. Kor lange arbeidsøkter det skal vere, er særs viktig. På dei lågaste stega bør dei vere ganske korte, men etter kvart som elevane blir meir sjølvstendige i arbeidet og far større behov for å konsentrere seg om det i lengre tid, blir det naudsynt med lengre økter. På alle steg bør det vere fleksibilitet når det gjeld lengda på arbeidsøktene. Planlegging av dagen og timen. Samarbeid mellom lærarane og Skal undervisninga planleggjast på denne måten, blir det eit sterkt behov for samarbeid og samråding mellom lærarane. Samrådingsmøte blir naudsynte for å drøfte og planleggje undervisninga og for å drøfte forhold som gjeld trivsel og framgang for elevane. Kvart skoleår bør ein innleie og avslutte med fast organiserte planleggingsdagar. Dei lærarane som underviser i ein klasse, bør samarbeide om planlegginga slik at det blir best mogeleg samanheng i undervisninga, og slik at undervisninga i eitt fag kan stø undervisninga i eit anna. Når det gjeld plan for dagen og for kortare periodar, bør lærarane prøve å leggje undervisninga slik til rette at skolearbeidet for elevane totalt sett blir variert og med rimeleg fordeling av arbeidsintensitet og arbeidsbyrd på dei ulike dagane i veka. planlegging. Samarbeid mellom elevar og lærarar. Etter kvart som elevane blir eldre, bør ein få dei inn i samarbeid om planlegging. Det gjeld planlegging for kortare og for lengre periodar. På grunnlag av det stoffet som etter planen skal bli gjennomgått, kan elevane t.d. vere med på å fastleggje rekkjefølgja av emna, eventuelt kor lang tid klassen bør bruke på dei einskilde emna. I fleire fag kan det vere aktuelt å dra inn nye emne etter særskilde ynske frå elevane. Til dels bør elevar og lærarar saman leggje opp ein plan for tempoet i undervisninga. Gjeld det spørsmål om heimearbeid, kontrollprøver osv., bør elevane alt på begynnarsteget vere med på å ta avgjerd. Elevane må og lære å planleggje og gjennomføre eit arbeid på eiga hand. ORGANISASJONSFORMER Klassar og grupper. Varierte Arbeidet i skolen skal utførast innanfor ulike organisasjonsformer. Læraren gjev undervisning til heile klassar, til grupper av ulik storleik eller til einskildelevar. Elevane arbeider einskildvis eller i fellesskap i grupper. Ein kan skifte mellom ulike organisasjonsformer, bl. a. etter siktemålet for undervisninga, føresetnadene til elevane og lærarane og den karakteren lærestoffet har. organisasjonsformer. Klasseundervisn ing . Klasseundervisning høver godt når det er tale om å presentere same stoffet for alle elevane i klassen. Det er ei tenleg ordning når klassen skal diskutere, høyre eit foredrag, eller når ein presenterer lærestoffet ved demonstrasjon, film 0.1. Når klassen blir undervist samla, kan læraren lett halde greie på og ha oversikt over kva elevane har gjennomgått. Den største fordelen med klasseundervisning ligg likevel truleg i det at den fører elevane saman i eit fellesskap og legg forholda til rette for fellesskapsopplevingar. 4. Mønsterplan. Nyn.
Skann 51 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 49». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/51/