SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 48 skann 50

48 Ulike grader av samordning. Periodelesing Årsplan Ulike spørsmål Planlegging for delar av skoleåret. fordjuping i arbeidet. Samordning av undervisninga skaper dessutan betre høve for variasjon i arbeidsmåtane og set lettare naudsynt dugleikstrening inn i ein meiningsfylt samanheng. For gjennomføringa av samordna undervisning har det svært mykje å seie at læraren har fleire fag i klassen sin. På barnesteget er det å ynskje at same lærar har t.d. norsk og samfunnsfag, eventuelt også naturfag. På ungdomssteget gjer faglærarsystemet samordning vanskelegare og meir avhengig av eit samarbeid mellom lærarane. Etter kvart som elevane blir eldre, kan det frå deira synsstad og vere naturleg med utvikling mot meir fagordna undervisning. Men ikkje på noko klassesteg eller fagområde bør faggrensene leggje hindringar i vegen for å organisere arbeidet om emne som bind saman fleire fag. Nettopp elevar som er langt komne,' kan vere sterkt opptekne av tverrfaglege oppgåver. Med periodelesing kan ein minske mykje ulempene med for sterkt fagdel t undervisning. Fagdelinga er der, men periodevis reduserer ein talet på fag ein arbeider med. Ei tid gjev t.d. norsk ein del av timane sine til samfunnsfag, i neste periode får norsk timane sine tilbake igjen osv. Planlegg ein slik ordning, må ein vere merksam på både periodelengda og tidsdisponeringa innanfor den einskilde perioden. Samanhengen mellom periodane innbyrdes må ein og tenkje over. Ein må prøve å fa både konsentrasjon og variasjon i arbeidet. Ein må og syte for at tida som blir brukt til dei ymse faga, svarar til timetalet dei skal ha etter den fastsette timefordelinga. Plan for året, perioden, dagen og timen. Planen for eit heilt skoleår må naturleg gje ei oversikt over det arbeidet ein tenkjer seg blir utført. Han må ha med hovudemne og i store drag plassere dei i rekkjefølgje og i forhold til årstider og høgtider. Eventuelle ekskursjonar, leirskoleopphald, idrettsdagar, repetisjonsperiodar 0.1. bør vere med i årsplanen. Planen bør elles vere så romsleg at han gjer det mogeleg å ta opp nye emne som av ein eller annan grunn kan bli aktuelle i løpet av året. Dei mange spørsmåla som må vurderast når ein planlegg årsarbeidet, varierer med faga og klassestega. I einskilde tilfelle er opplegget i ein viss mon fastlagt fordi det er naudsynt å gje stoffet ei systematisk oppbygging og følgje ein fast progresjon. Dette gjeld i stor grad for matematikk, område innanfor naturfaga, framandspråka og formaløvingar i norsk. I somme fag må ein årsplan følgje årstidene, såleis i heimstadlære og i delar av naturfag. På alle område og klassesteg er det naudsynt å vurdere behovet for læremiddel når årsarbeidet blir planlagt. Kva læremiddel ein kan rekne med å ha til rådvelde, kan bli avgjerande for utforminga av årsplanen. Viktige spørsmål i samband med rsplanlegginga kan valet av lese- og lærebøker alt ha gjeve eit svar på. Det vil og vere naudsynt å arbeide ut meir detaljerte planar for kortare eller lengre delar av skoleåret. Ein kan leggje plan for ein månad eller ei veke, men helst bør periodelengda rette seg etter naturlege avsnitt i lærestoffet. Ynskjer ein t.d. å samle arbeidet med somme emne til visse periodar, må ein fastsetje rekkjefølgja av emna. Ein arbeidsplan for perioden fastset stoffordning, metodar, læremiddel, arbeidsoppgåver for elevane og organisasjonsform. Viktig er det og at det blir arbeidd ut plan for heimearbeid.
Skann 50 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 48». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/50/