SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 47 skann 49

47 studievanar og legg undervisninga slik til rette at elevane far utnytta skoletida, kan også heimearbeidet bli avgrensa utan at det samla utbytet blir dårlegare. Frivillig Læraren bør oppmuntre elevane til frivillig heimearbeid, og gjerne la elevar som har teke på seg ekstraoppgåver, gjere greie for dei for klassen. Læraren bør hjelpe elevane med råd når det gjeld litteratur og andre hjelpemiddel, og gjere sitt til at dei far materiell som er naudsynt for arbeidet. heimearbeid. Kontakt med heimane. Heimane bør bli orienterte om heimearbeidet til elevane. Dei bør fa opplysning om arbeidsmåtane elevane er opplærte i, om arbeidsprogrammet for klassen i skoleåret, om individualiseringa av heimearbeidet, om frivillig heimearbeid osv. Viktig er det og at heimane far råd om korleis dei eventuelt kan stø opp om heimearbeidet til elevane på ein verdfull måte. PLANLEGGING Samordning av undervisninga. Faggrenser. Jamvel om lærestoffet i grunnskolen er fordelt på ulike fag og faga står oppførte kvar for seg i timefordelingstabellane, bør undervisninga samanlagd utgjere ein heilskap. Dette er naturleg fordi det er vanskeleg å dra grenser mellom faga. Eit lærestoff som er teke med under eitt fag, kan og naturleg høyre inn under eit anna. Derfor kan det ofte vere verdfullt og praktisk å binde faga saman såleis at ein arbeider med emne som går på tvers av faggrensene. Slike emne bør ha så nær tilknyting som mogeleg til elevverda slik at dei blir oppfatta som meiningsfylte og røyndomsnære. Men slikt undervisningsopplegg set store krav til planlegginga. Læraren må bl. a. ha særs god oversikt over lærestoffet i dei ulike faga. Samla undervisning på dei lågaste Samla undervisning er mest naturleg på dei lågaste klassestega. Der er heimstadlære det sentrale faget som undervisninga elles naturleg byggjer på. Stoff frå heimstadlære kan gje utgangspunkt for rik variasjon av formingsarbeid, for dramatisering, forteljing og samtale, for val av songar og songleikar og for arbeidet i musikk og kroppsøving. I leseopplæringa er det naturleg å arbeide med ord og omgrep som elevane møter i heimstadlærestoffet. Derfor er det naudsynt å ha rikeleg med utfyllande lesestoff som passar for alderssteget, og som gjev høve til å individualisere. klassestega. Jamvel om undervisninga i store drag blir sentrert om stoffet i heimstadlære, vil det vere naudsynt med systematisk opplæring og øving innanfor einskilde fagområde, t.d. i matematikk, i skriftforming og til dels i norsk. For læraren er det ei særs viktig oppgåve å syte for at slik opplæring og øving får naudsynt plass og blir sett inn i meiningsfylt samanheng. Systematisk opplænng og øving. Gradvis overgang til fagdelt undervisning. Når lærestoffet blir fordelt på fleire fag frå fjerde klassesteget, bør ikkje undervisninga av den grunn bli tilsvarande oppstykka. Overgangen frå samla undervisning med heimstadlære i sentrum til meir fagdelt undervisning bør skje gradvis. Læraren må prøve å samordne arbeidet slik at det ikkje blir spreidd på for mange fag og for mange emne samtidig. Lærestoff frå ulike fagområde med tilknyting til kvarandre bør ein ta for seg i samanheng, slik at det blir konsentrasjon og
Skann 49 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 47». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/49/