SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 46 skann 48

46 Varierte heime' oppgaver Individualisering Førebuing Planlegging og samarbeid. Kontroll belastning for elevane og heimane. For mykje arbeid heime kan føre til at elevane far uvilje mot skolen og mister interessa for skolearbeidet. Heimearbeid kan kombinerast med friluftsliv eller ha tilknyting til vanlege gjeremål i kvardagen. Oppgåvene kan vere å gjere observasjonar etter ein oppsett plan, t.d. på skolevegen, i forretningar og institusjonar, på arbeidsplassar, i samband med kommunikasjonar osv. Eller oppgåvene går ut på å gjere studium i natur og terreng, samle materiale 0.1. Arbeidet kan og vere å samle opplysningar som kastar lys over eit aktuelt problem: Ein granskar i bøker t.d., følgjer med i presse og andre massemedia eller kontaktar personar som kan gje informasjonar. På dei lågaste klassestega kan heimearbeidet omfatte enkle plikter som elevane skal utføre i fritida. Dersom læraren finn at elevane bør få heimeoppgåver av meir teoretisk art, må oppgåvene bli avpassa i vanskegrad og omfang etter dei ulike føresetnadene hos elevane. Dei oppgåvene ein elev får, bør ikkje vere vanskelegare enn at han skal kunne løyse dei på eiga hand innan ei rimeleg tid. Dei raske elevane bør og få oppgåver som krev noko av dei slik at dei må tøye seg. Ofte kan heimeoppgåvene deira vere sjølvstendig arbeid med stoff som går langt ut over det som klassen som heilskap arbeider med. Forhold som læraren må ta omsyn til i samband med heimearbeidet til den einskilde eleven, er og helsetilstanden hans, bustadsforholda, plikter han må utføre heime, og andre omstende som har noko å seie for korleis han skal greie å arbeide med oppgåvene. Den viktigaste førebuinga av heimearbeid må vere å gje elevane ei studieopplæring som set dei i stand til å arbeide sjølvstendig og på ein fornuftig og rasjonell måte. I somme fag - t.d. i matematikk - bør heimeoppgåvene først og fremst gje elevane øving i stoff som er gjennomgått. Berre elevar som maktar det, bør bli stilte overfor nye problem i heimeoppgåver. Læraren må vurdere kor langt han bør gå med førehandsgjennomgåing dersom han gjev heimearbeid i samband med læreboktekstar. Førebuinga bør ikkje vere så grundig at elevane finn det vidare arbeidet keisamt, men heimearbeidet bør heller ikkje by på så mykje stoff at oppgåvene blir for vanskelege å løyse. Oftast er det ynskjeleg med individualisering når heimearbeid blir førebudd og. Alt frå første skoleåret bør det vere samarbeid mellom lærar og elevar når det gjeld å fastsetje heimeoppgåver. I fellesskap bør dei leggje ein fast plan for heimearbeidet. Etter kvart som elevane blir mogne for det, bør planen gjelde for fleire dagar framover, eventuelt ei veke eller for lengre periodar. Også når det gjeld dette arbeidet, bør ein ta individuelle omsyn. Læraren bør samarbeide med andre lærarar i klassen slik at arbeidsbyrda kan bli jamt fordelt. Det kan vere ynskjeleg å fastsetje visse timar til kontroll, og desse kontrolltimane bør spreiast utover i veka for dei ulike faga. Elevane bør få heimearbeidet kontrollert, og dette bør gjerast på ein slik måte at kontrollen gjev eit allsidig bilete av arbeidet deira. Ein må prøve å unngå å bruke kontrollformer som gjer klassen kjend med standpunkta til dei einskilde elevane på ein måte som er lite omsynsfull overfor dei svakaste elevane. Dessutan bør læraren tenkje over korleis heimearbeidet kan kontrollerast utan at somme får oppatteke stoff som dei meistrar og ikkje har interesse av å høyre medelevar gje att. Ikkje minst bør læraren leggje vinn på å nytte kontrollformer som gjev elevane høve til å bruke skoletida på ein verdfull måte. Lærer ein elevane gode
Skann 48 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 46». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/48/