SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 45 skann 47

45 Mental og fysisk innsats. Verdfulle interesser. Val av leirskole. Opplysningar om staden. Leirskolar utan fast pedagogisk opplegg. Omfattande førearbeid. Foreldresamarbeid. Krav til standard. Verdfulle interesser. Minst eitt leirskoleopphald. og fysisk innsats. Forholda legg ein til rette for å utvikle ansvars- og samhøyrskjensle hos elevane. Gjennom undervisning og personleg røynsle skal dei lære respekt for naturen og naturkreftene og få auga opp for at naturen kan gje menneska verdfulle interesser som styrkjer helsa og gjev ro og harmoni i sinnet. Leirskolar kan liggje på fjellet, ved sjøen, i skogen, på bondegardar eller i andre typiske naturmiljø. Ved planlegging av leirskoleopphald er det derfor viktig å ha klårt for seg elevinteresser og -behov, og skaffe seg mest mogeleg inngåande opplysningar om kva dei ymse leirskolane har å by på. Det er nemleg ingen altomfattande offentleg kontroll med leirskolar eller faste retningslinjer som garanterer kvaliteten. Nemninga leirskole blir nytta også i samband med tilbod om ferieopphald utan noko fast opplegg for sysselsetjing av elevane. Ein lærar (klassestyrar) kan sjølvsagt med samtykke frå foreldra og skolestellet ta med seg elevane til ein stad der han sjølv må ta ansvaret for det pedagogiske opplegget. Somme likar det kanskje til og med best, for det gjev fridom til å planleggje leirskoleaktivitetane i samsvar med arbeidsopplegget elles for klassen. Men ein må vere merksam på at slik form for leirskole krev omfattande førearbeid og medfører stort ansvar for læraren. Lærarar som planlegg leirskoleopplegg saman med elevane, må byrje planlegginga i god tid i førevegen. Skolestyraren og foreldra til elevane bør orienterast på eit tidleg tidspunkt. Dersom tiltaket møter alvorleg motbør, bør ein fråfalle eller revidere det i samsvar med innvendingane. Foreldra kan hjelpe til med å arrangere leirskoleopphald. Ein leirskole bør ha kompetent, fagpedagogisk leiing, fullverdig pedagogisk opplegg og tilfredsstillande lokalitetar. Kontrollen med dette må i stor mon lokale styremakter som skolestyre, helseråd og branntilsyn ta seg av. Mennesket i vår tid får meir og meir behov for kontakt med naturen. Jamvel eit kort leirskoleopphald kan gje impulsar, og skape interesse som kan dyrkast vidare. Leirskolen kan føre elevane i kontakt med naturen og sider av samfunnet som er ukjende for dei. Vanlegvis vil det pedagogiske innhaldet i leirskolen ha mest til* knyting til naturfag, samfunnsfag og kroppsøving i ei ramme av friare samværsformer. Leirskole er ei livsnær skoleform som gjev høve tir meiningsfylt læring der fleire fag kan bli sette i samanheng. Denne skoleforma kan komme elevane i møte i behovet for miljøskifte og nye kontaktformer. Det er derfor rimeleg å setje som mål at elevane i grunnskolen må få høve til minst eitt leirskoleopphald i skoletida si der. Heimearbeid. Avgrensing av heimearbeidet. Grunnskoleelevar må få tid til kroppsleg aktivitet, til avkopling og kvile i fritida. Men samtidig bør dei venje seg til å bere ansvar for å løyse visse oppgåver eller utføre visse arbeid i fritida. At dei får eit slikt ansvar, bør ein sjå som eit viktig ledd i oppsedinga. Heimearbeid i form av skriftlege oppgåver eller munnlege lekser som skal lærast, bør likevel bli avgrensa. Endra skole- og samfunnsforhold og nye arbeidsmåtar gjer dette naudsynt. Elevane har lange skoledagar, og mange må bruke lang tid på skolevegen. Skolen må syte for at arbeidsbyrda ikkje blir ei
Skann 47 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 45». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/47/