SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 44 skann 46

44 leiarar, men ved større og meir krevjande oppgåver er det gjerne naturleg og rett at elevar med meir typisk leiargivnad far fungere. Ved elevval blir og i dei fleste tilfelle desse valde. Elles vil det i einskilde grupper, spesielt blant forholdsvis jamstelte elevar med trening i samarbeid, ikkje vere aktuelt med ein særskild leiar, fordi arbeidet blir greitt organisert av alle gruppemedlemmene i fellesskap. Ekskursjonar. Ei vanleg Ekskursjonar og studiebesøk bør ha sin sjølvsagde plass i undervisninga på alle klassesteg. Kvar skole har høve til å gjere ekskursjonar både i den nærmaste omgjevnaden til skolen og i ein vidare krins, og desse høva bør utnyttast. Alle skolar bør derfor ha ein lokalt utarbeidd ekskursjonsplan. Ekskursjonane bør omfatte studium i naturen, besøk i bedrifter og institusjonar, på utstillingar, i museum, ved fornminne osv. Observasjonane kan gjelde dagleglivet på staden, men det kan og vere aktuelt med ekskursjonar i samband med spesielle hendingar. undervisningsform . Planfor arbeidet. Ekskursjonane bør til vanleg ha tilknyting til stoff som elevane arbeider med i perioden, og dei bør planleggjast nøye. Best er det om læraren på førehand har gjort seg kjend på staden. Elevane bør ha fatt ei førebuande fagleg orientering, og dei bør ha eit klårt arbeidsprogram så dei veit kva dei særleg bør prøve å finne opplysningar om. I regelen bør dei einskildsvis eller i grupper gjere observasjonar etter ein fast plan, ta notat, lage skisser, samle studiemateriale osv. Viktig er det og at spørsmål av praktisk art er klårgjorde på førehand. Ofte vil det vere bra å mangfaldiggjere ei oversikt med naudsynte opplysningar. Det kan t.d. gjelde spørsmål om tid og stad for frammøte og avslutning, kva elevane skal ha med seg, korleis dei skal te seg under ulike vérforhold, kvar materiale kan hentast og leverast osv. Etterarbeid. Etter ekskursjonen bør ein arbeide med materialet og drøfte inntrykka. Ofte har elevane funne svar på spørsmål, men nye spørsmål kan og ha dukka opp. Dette kan gje grunnlag for vidare fordjuping i stoffet, eventuelt ved at elevane leitar i bøker og andre kjelder etter opplysningar. Ofte vil det vere aktuelt å lage ei avslutning der elevane orienterer kvarandre, eventuelt innbyr føresette eller andre elevar på skolen. Etter ekskursjonen bør elevar og lærar drøfte opplegget og notere viktige røynsler, slik at desse kan komme til nytte seinare. Leirskole. Faste skolar. Leirskoleverksemda har utvikla seg mot faste skolar med pedagogisk leiar, lærar eller instruktør og eit fast programopplegg med utgangspunkt i spesielle naturforhold og andre forhold på staden. Mål og middel. Målet er å føre elevane inn i eit oppsedande og karakterskapande miljø og skape samhald og utvikle samarbeidsånd som kan lette sosial tilpassing. Elevane skal lære å meistre nye og uvante situasjonar og lære å løyse oppgåver ute i naturen. Ut frå dette gjev leirskolane praktisk og teoretisk innføring i emne som fjellsikring, skiinstruksjon, naturvern, naturvett, geologi, flora, fauna, meteorologi, orientering, førstehjelp 0.1. Opplæring ute og inne. Opplæringa kan ein ha både ute og inne, i samband med turar, eller som spesielle øvingar. Ho tek sikte på at elevane skal tileigne seg innsikt og dugleik etter som forholda krev det, og utvikle evnene til mental
Skann 46 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 44». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/46/