SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 43 skann 45

43 Gruppestorleik Funksjonstida for gruppa Gruppesamansetjing Fleire grupperings former. Varsemd og takt Gruppeleiarar i legging av læremiddel og materiell, arbeidsdisiplin og arbeidsmåtar, samarbeidet, tempoplan og sjølve planen for gruppearbeidet. Ofte vil det vere aktuelt med ei kontrollprøve til slutt, men slike kan det også vere plass for i byrjinga av arbeidsøktene i perioden. Dei bør i tilfelle vere sette opp i planen for arbeidet. Storleik og samansetjing kan variere for gruppene. Generelt gjeld det at gruppene ikkje bør vere for store, gjerne 2-5 medlemmer. I einskilde samarbeidsformer, t.d. i leik, kan det likevel vere aktuelt med større grupper. Funksjonstida for gruppa bør variere i høve til den aktuelle typen av gruppesamarbeid. Gjeld det arbeidspar eller gruppelagingar med etter måten kortvarige arbeidsoppgaver og gruppedrøftingar, er det praktisk at dei same gruppene fungerer over eit lengre tidsrom. Kvar gruppe bør ha sin faste plass, slik at dei kan komme i arbeid på svært kort tid. Ofte vil det vere aktuelt at desse gruppene kjem saman fleire gonger dagleg, iblant også fleire gonger i ei arbeidsøkt. Det er naturleg og av mange grunnar rett å la ynska om arbeidskameratar som elevane har, vere avgjerande når grupper blir sette saman. Derfor kan ein del av gruppene bli laga som reine venskapsgrupper. Dette bør vere det vanlege når ein set saman arbeidspar. Men gjeld det større grupper, kan spontan venskapsgruppering ofte by på vanskar. Einskilde grupper kan da t.d. bli for store til å kunne arbeide effektivt, og i mange tilfelle blir ein eller nokre fa elevar igjen utan gruppekontakt. Meir organiserte former kan og nyttast når grupper blir sette saman slik at elevane vel gruppemedlemmene. Val kan ein arrangere på fleire måtar. Tenkjer ein t.d. på at elevane gjennom undervisninga bør få kjennskap til demokratiske spelereglar, kan ein kanskje helst ynskje elevvalde grupper og gruppeleiarar. Ein slik framgangsmåte er tilrådeleg i ein elevflokk med etter måten jamne elevar som sosialt aksepterer kvarandre, eller i ein klasse der elevane er spesielt omsynsfulle og kjenner sitt ansvar, slik at mindre kontaktskapande elevar med svakt prestasjonsnivå blir valde på like linje med dei andre. I grunnskolen vil det likevel ofte vere mykje som talar mot ei gruppering basert berre på elevval. Blant anna tilseier omsynet til elevar med spesielle vanskar at ein bør vise varsemd, og læraren bør prøve å vurdere korleis den einskilde eleven opplever valsituasjonen. I mange elevflokkar er det fare for at dei same elevane gong etter gong får oppleve å vere dei minst ynskte og sist valde. Nettopp desse elevane er ofte dei som mest av alle treng oppmuntring i arbeidet og i forholdet til kameratane, og derfor er det særleg uheldig at dei opplever nederlag alt ved starten av ei arbeidsoppgåve. Ein bør og vere merksam på at spesielt dominerande elevar kan få altfor stor makt ved elevval. Alt i alt er det i mange tilfelle tilrådeleg at læraren hjelper til med å setje saman gruppene. Dette bør likevel gjerast på ein slik måte at elevynska blir tekne omsyn til så langt det synest forsvarleg. Oppgåva set store krav til takt hos læraren, og det er naudsynt at han har god kjennskap til elevane. Forutan sosiale omsyn ein bør ta, er ofte ei viss spreiing i prestasjonsnivå innanfor kvar gruppe ynskjeleg. Det ideelle er at elevane vel leiarane sine, men i einskilde elevflokkar kan det vere tilrådeleg med ei viss leiing frå læraren si side også her. Viktig er det at flest mogeleg av elevane får prøve seg som gruppe-
Skann 45 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 43». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/45/