SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 42 skann 44

42 Utvida planlegging Gjennomføring av eit gruppearbeid. Framføring eller framvising. Vurdering bør gjerne bli utarbeidd så mange arbeidsoppgåver at det gjev høve til å velje, og oppgåvene bør vere ulike i art og vanskegrad, passande ulike evner og interesser. Arbeidsoppgåver som ikkje blir valde i første omgang, kan nyttast som ekstraoppgåver. Ein må alltid ta med i rekninga at elevane bruker ulik tid på arbeidsoppgåvene. Derfor bør ein ha liggjande framlegg til ekstraoppgåver. Læraren bør finne fram til spørsmål som det kan vere fruktbart å ta opp til drøfting med elevane. Mogne elevar med røynsle frå giuppearbeid kan ta ansvar for ein stor del av planlegginga. Etter kvart far dei kjennskap til korleis ulike gruppearbeid kan byggjast opp, organisering, læremiddel, typar av arbeidsoppgåver osv. Elevane kan derfor naturleg komme med tilleggsframlegg eller endringsframlegg til dei ferdig utarbeidde planane. Men på høgre klassesteg bør elevane bli oppmuntra til å fremme framlegg også om interesseområde som bør bli utgangspunkt for gruppearbeid, om emne og fellesarbeid for dei einskilde gruppene og om individuelle oppgåver i gruppa. Med denne arbeidsforma vil planleggingsperioden bli utvida, slik at han gjerne omfattar arbeid med sentralt stoff i lærebøkene, oversiktslesing av annan litteratur og førstegongsorientering i emnet. På den måten får elevane grunnlag for å gjere framlegg om arbeidsoppgåver og fordele stoffet. Etter planlegginga blir elevane opptekne med oppgåver anten kvar for seg eller i samarbeid. Innanfor gruppene bør det vere høve for elevane til å rådføre seg med andre gruppemedlemmer, eventuelt fa hjelp. Det blir sett store krav til læraren som arbeidsleiar under dette arbeidet. Alt som er naudsynt av læremiddel og materiell, må vere tilgjengeleg oversiktleg ordna og plassert slik at det blir minst mogeleg forstyrring når elevane skal ha tak i det. Ein må gje klåre instruksjonar om kvar elevane kan finne det dei treng. Læraren bør prøve å delegere ansvar til elevane og til gruppeleiaren, men likevel trengst det ei fast leiing, ikkje minst når ein skal finne fram til samarbeidsformer som medfører minst mogeleg bråk. Læraren bør gå frå gruppe til gruppe, rettleie, stimulere og til kvar tid prøve å lage seg eit bilete av den einskilde eleven og av arbeidet til den einskilde gruppa, slik at han kan gje hjelp der det trengst. På grunnlag av desse observasjonane kan han gje instruksjonar til kvar einskild gruppe i byrjinga av kvar arbeidsøkt. Etter kvart som gruppene blir ferdige, bør dei ta til med førebuingar til framføring eller framvising. Elevane treng plass til øving i dramatisering, opplesing og musikk; derfor er det ofte behov for ekstra rom. Avslutninga av eit gruppearbeid gjev godt høve for elevane til å øve seg i å tre fram, få kontakt med andre gjennom ulike uttrykksformer, orientere om stoff som tilhøyrarane ikkje kjenner, gjere greie for eit emne med hjelp av illustrasjonar på tavle, skriftprosjektør, flanelltavle, fotomontasje, lysbilete osv. Elevane bør sjølv planleggje opplegget for avslutninga, med ansvar blant anna for å rekne ut tida, syte for bra variasjon, avgjere om det skal vere gjester, om gjestene eventuelt skal vere andre klassar, skolestyrar, føresette eller andre. Ein slik time er ikkje minst verdfull fordi han gjev andre tilsette høve til å bli orienterte om ein del av skolearbeidet til elevane. Til slutt bør læraren saman med elevane vurdere arbeidet i perioden. Læraren har da nytte av observasjonane han har gjort, og elevane kan gje uttrykk for meininga si om arbeidet. Drøftingane bør gjelde tilrette-
Skann 44 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 42». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/44/