SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 41 skann 43

41 Arbeidsreglar Arbeidsgangen Innføring og motivering. Planlegging Ein ferdig plan Emne for elevdrøfting Det er behov for nokre fa arbeidsreglar, og dei bør elevane sjølv vere med på å arbeide ut. Reglane bør vere av generell art, slik at ein kan bruke dei ved fleire gruppearbeid. Arbeidsgangen varierer i forhold til emne, tid og føresetnader. Han må rette seg etter om arbeidet skal utførast inne på grunnlag av lesing og studium av diverse læremiddel, eller om ein skal på ekskursjonar og studiebesøk. Like eins er arbeidsgangen avhengig av om verksemda i særleg grad skal ta sikte på skriftlege uttrykksformer kombinerte med illustrasjonar, tabellar, grafisk framstelling 0.1., eller om arbeidet i hovudsaka skal konsentrerast om munnlege uttrykksformer og dramatisering. I det siste tilfellet kan det skriftlege arbeidet bli avgrensa til enkle notat. Trass i stor variasjon kan arbeidsgangen i eit gruppearbeid stort sett bli skissert slik: innleiing (innføring og motivering) - planlegging - utarbeiding — framføring eller framvising - vurdering. Hovudsiktemålet med innleiinga bør vere å gje elevane eit første møte med eit interesseområde på ein slik måte at dei far lyst til å vite meir, og gjerne slik at dei forstår kva interesseområdet kan by på når det gjeld vidare arbeid. Opplegget for innleiinga kan variere sterkt. Det kan t.d. by på musikk, drama, opplesing, forteljing, stillelesing, biletstudium, framvising av ting, fjernsyn osv. Ofte vil det vere heldig også å la heile klassen arbeide med det mest sentrale stoffet. Dermed blir ein viss minimumskjennskap til stoffet felles for alle elevane. I mange tilfelle vil det og vere aktuelt å setje opp ein plan for felles heimearbeid med det viktigaste stoffet. Planen gjeld for den perioden gruppearbeidet varer, og ein kan da i byrjinga av arbeidsøktene i perioden ta nokre minutt til konsentrasjon om dette stoffet i samla klasse. På den måten er det lettare å halde på ein fast rytme i heimearbeidet, og samtidig oppnår ein å samle alle elevane i klassen om same emnet ei stund, noko som kan vere verdfullt for fellesskapet i ein periode da interessene til elevane elles kan vere heller ulike. Planleggingsarbeidet vil variere sterkt etter kor mogne elevane er, og etter røynsla dei har med arbeidsforma. Dessutan vil kravet til litteratur og andre læremiddel auke med større ansvar hos elevane for planlegging. Arbeidet bør leiast slik at elevane i stigande grad blir medansvarlege for opplegget. Einskilde former for gruppearbeid av denne typen kan innførast t.d. på tredje klassesteget. Frå byrjinga er det naudsynt å ha ein ferdig utarbeidd plan, med framlegg til emne for dei einskilde gruppene, til fellesarbeid i kvar gruppe, og til individuelle arbeidsoppgåver til kvar gruppemedlem med framlegg om arbeidsstoff, arbeidsmåte og med tilvising til litteratur og andre læremiddel. Slike ferdige planar for gruppearbeid vil det vere behov for på alle klassesteg, fordi det jamvel ved slutten av ungdomssteget vil vere elevar som er avhengige av grundig og detaljert rettleiing. Jamvel om ein ferdig plan blir nytta, er det mange spørsmål som elevar og lærar bør drøfte og avgjere i fellesskap. Aktuelle emne for drøfting kan vere : tid og tempoplan — her bør ein konferere med rsplanen for klassen - kor lange arbeidsøktene skal vere, plan for heimearbeid i perioden, val av emne for kvar gruppe, samansetjing av gruppene, val av leiar, fordeling av arbeidsoppgåver innanfor gruppene, reglar for arbeidet, plan for bruk av lysbiletapparat, grupperom osv. Det
Skann 43 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 41». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/43/