SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 40 skann 42

40 Arbeidspar Gruppearbeid som individualiseringstiltak Samarbeid på tvers av årsstegsgrensene. Ei gruppe om gongen same. Etter drøftingane kan kvar gruppe greie ut for resten av klassen om sine drøftingar og konklusjonar, eller læraren kan gå frå gruppe til gruppe og samrå seg med elevane under arbeidet. Gruppene kan også levere ei kort skriftleg utgreiing. Elevane bør oppmuntrast til å gjere notat under drøftingane, og i mange tilfelle er det aktuelt med referent. I framandspråkundervisninga høver det å lage grupper som øver seg i samtale osv. Den same arbeidsforma kan ein bruke når det gjeld saker som ein tek opp i samband med det daglege livet i klassen eller på skolen, heimelekser, ordensreglar, disiplin o.m. Slike spørsmål bør ein ta opp i klasseråd. Ei enkel og naturleg form for samarbeid er det når fleire elevar - ofte berre to - får arbeide saman og hjelpe kvarandre. Slikt samarbeid bør ein bruke på alle klassesteg, og elevane bør venjast til denne samarbeidsforma før dei får ta til med større gruppearbeid. Arbeidsoppgåver som ein elles løyser individuelt, kan elevane arbeide med saman, t.d. lage ord med lesebrikker, leggje lesespel og reknespel, samle fakta, arbeide med analyse eller ordkunnskap i norsk eller framandspråk, høyre kvarandre, finne løysing på arbeidsoppgåver, elevøvingar osv. Arbeidsforma kan nyttast i alle fag; det bør vere faste arbeidspar i lengre periodar, og elevane kan gjerne arbeide saman fleire gonger på ein skoledag. Mange gruppearbeid kan samtidig seiast å vere ei form for individualiseringstiltak, når oppgåver av ulike slag blir løyste av medlemmene i gruppa slik at kvar einskild får arbeid som er ei utfordring til evner, anlegg og spesielle interesser. Gruppearbeid av denne typen set ofte store krav til førebuing, planlegging og organisasjonsevne hos læraren, og til læremiddel som høver for elevane. Det krev arbeidsdisiplin og at elevane ikkje er for umogne. Dei bør ha røynsle frå samarbeid i andre former før dei får gå i gang, dei må vere vane med sjølvstendig studiearbeid og ha øving i å finne fram til materiell og hjelpemiddel sjølv. Arbeidsrom og møblar bør vere slik at det er lett å skifte om på plasseringa av arbeidsbord. Læremidla bør vere lett tilgjengelege og oversiktleg ordna, og det bør vere god plass slik at elevane utan å sjenere kvarandre kan gå rundt og hente læremiddel, konferere med kvarandre osv. Det vil vere naturleg med fleksible ordningar for kor lenge arbeidsøktene skal vare. I få-delt skole har det til alle tider vore vanleg at elevane har samarbeidd på tvers av årsstegsgrensene slik at eldre og yngre elevar har arbeidd saman. Denne samarbeidsforma som ofte har hatt karakter av at eldre elevar har hjelpt dei yngre, bør ein også praktisere i fulldelte skolar. Der ein tek i bruk denne samarbeidsforma, må ein sjå til at så vidt mogeleg alle elevar og ikkje berre ei utvald gruppe får ta del i samarbeidet. Ofte vil det vere heldig å innføre slikt gruppearbeid ved at ei gruppe om gongen får arbeide saman medan læraren rettleier. Resten av klassen kan drive med sjølvstendig, individuelt arbeid. Tilstøytande grupperom eller ein spesiell arbeidsplass der det meste av læremidla er plassert, vil lette arbeidet. Under sjølve arbeidsperioden kan det og hende at ei eller fleire grupper kjem til eit punkt da dei har behov for spesiell rettleiing eller drøfting med læraren. Dette kan løysast på same måten, og dei andre elevane i klassen kan stundom også arbeide med stoff frå eit anna fag.
Skann 42 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 40». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/42/