SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 39 skann 41

39 tilfelle ikkje til noko ferdig produkt, og jamvel når ein får det, er dette av sekundær interesse. Demokratisk arbeidsform. Eit viktig resultat av gruppeundervisninga er at elevane får lære arbeidsformer som er aktuelle i organisasjons- og komitéarbeid, i politiske organ osv. Dei bør vere med på å arbeide ut reglar for arbeidet i gruppa, klassen eller skolen, og oppleve glede og ansvar ved å høyre til i eit fellesskap. Dei bør og gjennom drøfting og samarbeid venje seg til å høyre på andre sine synsmåtar og lære å forstå kor verdfullt det er at ein ser på sakene frå fleire synsvinklar. På den måten kan skolen fremme forståing og respekt for det andre meiner og tenkjer. Samtidig får elevane trening i å arbeide seg fram til eit standpunkt, gjere greie for det og venje seg til å halde fast på det dei meiner er rett, jamvel om dei blir i mindretal. Det som her er nemnt, gjeld like mykje for klasseundervisning og må gjennomsyre all verksemd i skolen. Men når ein arbeider i mindre grupper, kan ein dra fleire elevar aktivt inn i drøftinga på same tid, slik at blyge eller mindre aktive elevar kjem med og. Ved samarbeid i mindre grupper kan ein dessutan komme behovet for kontakt i møte og hjelpe elevar med kontaktvanskar til å finne seg til rette i eit fellesskap. Samarbeid i leik. Frå førskolealderen har elevane vant seg til å samarbeide i leik, og dette bør ein byggje vidare på i skolen. Gruppestorleiken kan variere frå to elevar til heile klassen. I leik kan elevane lære seg å vere vakne og reagere i samspel med andre, innordne seg i grupper, respektere vedtekne reglar og oppleve gleda ved å gjere ein innsats i fellesskap. Samarbeid om Gruppeaktivitet i dramatikk, rytmikk og musikk gjev svært gode høve til å utvikle evna til konsentrasjon om samarbeid, fordi den eine gruppa ofte er heilt avhengig av kva den andre gjer. Dette gjeld både spontan dramatikk og improvisasjon og meir innstuderte framføringar. Ikkje minst kan arbeid med dokketeater gje verdfull røynsle i samarbeid. Det same gjeld musikk og rytmikk, der samspel og samarbeid ofte er ein føresetnad. Også i forming er det naudsynt med fellesarbeid iblant. Verdien av slikt arbeid ligg truleg først og fremst i den aktiviteten elevane i fellesskap er opptekne av, men verksemda kan også få eit vidare formål ved at dei ferdige arbeida blir nytta i tiltak som elevane i fellesskap går inn for. skapande verksemd. På alle klassesteg bør elevane venje seg til i samarbeid å ta på seg ansvar for mange praktiske saker som må ordnast og avgjerast. Heilt frå begynnarsteget skal elevane merke at læraren viser dei tillit, slik at dei kjenner at dei verkeleg har ansvar. Oppgåvene kan t.d. vere å ha ansvar for orden i klasse- og arbeidsrom, å stelle plantar ute eller inne, å lage utstellingar av elevarbeid, brukskunst eller naturfunn, å stå for fotomontasje og orientering om aktuelle hendingar, kvar veke å finne fram til eit dikt eller eit bilete, å arbeide med tilrettelegging av klasseturar og ekskursjonar, å lage avis, å løyse spesielle oppgåver i samband med tilstellingar på skolen, å formidle kontakt med dei eldre i skolekrinsen, med institusjonar eller samskipnader, med venskapsklassar her i landet eller i andre land, med adopsjonsskip 0.1. Samarbeid om praktiske oppdrag. Gruppedrøftingar bør ein ha på alle klassesteg, slik at elevane blir i stand til å fungere i eit demokratisk samfunn. Emne frå heimstadlære, orienteringsfag, norsk og kristendomskunnskap kan gje stoff til gruppedrøftingar, ved at elevane saman får oppgåver som krev vurdering og problemløysing. Gruppene kan få ulike oppgåver, eller alle kan få dei Drøfting av aktuelle spørsmål.
Skann 41 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 39». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/41/