SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 38 skann 40

38 Arbeid med uttrykksmidla Munnleg uttrykksform Allsidig øving Elevaktivitet og samarbeid. Arbeidet med uttrykksmidla har størst von om å lykkast når elevane er opptekne av noko som dei gjerne vil gje uttrykk for. Det kan vere opplevingar, fantasibilete og spesielle interesser, men det kan og vere stoff som dei arbeider med i faga. På den andre sida far elevane grundigare kjennskap til og større oppleving av stoff som dei gjev uttrykk for i aktivt arbeid. Derfor bør elevane gjennom dramatikk, musikk, rytmikk og forming kunne arbeide med stoff som dei er opptekne av i samband med undervisninga i kristendomskunnskap, orienteringsfag osv. På dei lågaste klassestega bør det vere sjølvsagt at arbeid med slike aktivitetar går inn som ein naturleg del av den daglege undervisninga. Men også seinare bør elevane fa arbeide med varierte uttrykksformer i samband med opplæringa elles. Språket er eit av dei viktigaste kommunikasjonsmidla. Å kunne gje uttrykk for tankane sine på ein naturleg måte, i ledug og klår form, er viktig for alle. Derfor bør skolen leggje vinn på å hjelpe elevane til å nå så langt som mogeleg på dette området. Ikkje minst er det viktig at dei får øving i munnleg uttrykksform. Gjennom det daglege arbeidet på skolen, i omgang med kameratar, lærarar og andre som arbeider på skolen, i møte med menneske som elevane kjem i kontakt med ved arrangement på skolen, på studiebesøk osv. bør elevane oppmuntrast til å te seg venleg og naturleg og lære seg til å uttrykkje seg klårt og greitt. Elevane bør få trening i fri samtale og forteljing på grunnlag av emne dei er spesielt opptekne av, og dei bør lære å meistre ulike talesituasjonar som er aktuelle i det daglege livet utanfor skolen. Det aktuelle lærestoffet blir oftast grunnlaget for arbeidet med uttrykksformene. Elevane bør jamleg få øving i å samtale, å gjere greie for eit emne med eigne ord, å vere med i ordskifte osv. Etter kvart bør dei meir og meir kunne gje korrekte utgreiingar og skildringar der dette er naturleg, dei bør få halde foredrag, leie debattar 0.1. Det er viktig at elevane på alle klassesteg blir oppmuntra til å stille spørsmål og til å vere med og finne svar på spørsmål frå dei andre elevane. Ofte er det naturleg å samordne munnleg og skriftleg framstelling med kvarandre, og med andre uttrykksformer. På alle steg bør allmenn orientering kombinerast med språkleg opplæring. Det å utvide kunnskap og innsikt skal gå saman med øving i aktiv bruk av morsmålet. Derfor er arbeidet med å hjelpe elevane til å nå så langt som mogeleg i språkleg utvikling aktuelt i all undervisning. Gruppearbeid. I ein skole der individualisering etter kvart har fått stor plass, vil eit systematisk organisert gruppearbeid vere naudsynleg for å ta vare på den sosiale utviklinga til elevane. På alle klassesteg bør elevane få øving i samarbeid og røynsle i å dele ansvar i mindre grupper. Samarbeidet kan ha mange variantar både når det gjeld formål, arbeidsstoff, arbeidsmåte, tid, gruppestorleik og samansetjing av gruppene. Ei hovudsak i dette arbeidet er å stimulere til aktivitet og utvikle evna til samarbeid, samtidig som elevane får oppleve verdien i det å kjenne ansvar for andre og for sams arbeidsoppgåver. Når ein skal setje i gang gruppearbeid, må det vere klårt kva arbeidet særleg tek sikte på, og det må så vere utgangspunkt for planlegging, tilrettelegging, leiing og vurdering. Samarbeidet fører i mange
Skann 40 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 38». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/40/