SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 37 skann 39

37 Variasjon i uttrykksmidla Ulike siktepunkt Individualisering Godt arbeidsmiljø Fag med særskilt ansvar for estetisk opplæring. Elevane bør få høve til å lære å uttrykkje seg ved hjelp av fleire uttrykksmiddel: dramatikk, rytmikk, musikk, forming, munnleg eller skriftleg framstelling på morsmål og framandspråk. Stundom kan uttrykksformene i særleg grad utfordre til skapande verksemd, andre gonger set ein først og fremst krav til sakleg orientering og innsikt. Ofte vil uttrykksformene byggje på ein kombinasjon av dette, slik at kunnskap og innsikt som elevane har fått, blir utgangspunkt for det skapande arbeidet. Den vekt ein legg på den eine eller andre sida, kan variere. Det er viktig at læraren gjer det klårt for seg kva som i den aktuelle situasjonen er hovudsiktepunktet til elevane, og at han i tilrettelegging, leiing og vurdering tek omsyn til det. Å skildre ein detalj på ein blom i biologiundervisninga er noko heilt anna enn om eleven i samband med skapande verksemd arbeider med eit blomstermotiv. I den første oppgåva er det tale om ei objektiv skildring med sikte på å få klårare forståing og grundigare kunnskap. I det andre tilfellet gjev eleven uttrykk for si eiga oppfatning og oppleving av motivet i eit personleg formspråk. Det same gjer seg gjeldande ved språklege uttrykksformer. Ofte er det naudsynt med konsis framstelling som byggjer på sakleg innsikt, t.d. i samband med problemløysing i matematikk og naturfag,, ved utarbeiding av referat, resymé osv. Andre gonger skal språket tene som uttrykksmiddel for opplevingar, fantasibilete og innlevingsevne, t.d. ved dramatikk, forteljing, dikt og friare skriftlege arbeid. På den måten kan dei same uttrykksmidla, ord, form, farge, nyttast på ymse måtar og med ulike siktepunkt. Det same er tilfellet når det gjeld uttrykksmidla lyd og rørsle. Kvar einskild elev bør i skolesituasjonen få høve til å arbeide med ulike uttrykksmiddel, og få kjennskap til ulike måtar å nytte dei på. Men fordi elevane er ulike når det gjeld evner, anlegg og interesser, bør undervisninga også på dette feltet individualiserast. Dette gjeld ikkje berre med tanke på ulike nivå. Like viktig er det å drive undervisninga slik at ein tek omsyn til den einskilde eleven, og at ein i arbeidet med uttrykksmidla legg vekt på at elevane får utvikle seg på det området dei har særskild givnad og interesse for. Ein viktig føresetnad for at arbeidet med uttrykksmidla skal lykkast, er eit naturleg tillitsforhold mellom elev og lærar, slik at ein kan arbeide i ein avspent atmosfære. Dessutan bør all undervisning vere prega av eit heilskapssyn, slik at opplæringa på eitt fagområde kan stø opplæringa på eit anna fagområde. På den måten kan ein skape eit godt arbeidsmiljø. Elevar som er vane med å arbeide sjølvstendig, har lettare for å vere sjølvstendige i det formande arbeidet sitt og, og elevar som er vane med skapande verksemd i forming, kan lettare utfalde seg i skapande dramatikk og musikk enn elevar som ikkje er vane med ei personleg skapande uttrykksform. I fag med særskilt ansvar for estetisk opplæring, som musikk, forming, norsk og kroppsøving, er retningslinjer for arbeidet med uttrykksmidla gjevne i kvart fag. Dette må ikkje føre til at ein ser på arbeidet innanfor kvart fagområde isolert. Verksemda på eitt område grip naturleg inn i verksemda på eit anna område. I samband med dramatisering er det t.d. behov for samordning med musikk, kroppsøving og forming. Dessutan er det ofte slik at ikkje alle elevar vil ha den same uttrykksforma til same temaet, slik at ei gruppe kan arbeide med dramatisering, ei anna med forming, ei tredje med musikk osv.
Skann 39 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 37». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/39/