SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 36 skann 38

36 Tillegg til aktuelt lærestoff. Kontakt med estetiske verdiar Behov for å uttrykkje seg Kontakt med andre og opplesing. Behovet for enkel og personleg kontakt med menneske som formidlar inntrykka, vil auke etter kvart som elevane meir og meir far påverknad gjennom tekniske massemedia. Ein bør leggje vinn på å utvikle sansen for kvalitet i innhald og uttrykksform. I heile skoletida bør ein gje plass til slikt stoff, sjølv om innhald og form blir forandra. Etter kvart dreg ein elevane meir og meir inn i samarbeid om utveljing, tilrettelegging og framføring. Til slutt kan dei skiftast om å ha ansvaret, gjerne slik at to eller tre elevar er saman om oppgåva. Konsentrasjon om utval frå dikting, musikk, målarkunst, skulptur 0.1. kan vere gode innslag i undervisninga utan at dei treng ha tilknyting til emne ein held på med. Oftare, og i sterkare grad etter kvart som elevane blir eldre, kan slike innslag brukast som eit verdfullt tillegg til det aktuelle lærestoffet. I kristendomskunnskap er undervisninga ofte slik at stoffet i seg sjølv talar til elevane. Kunstnarar i fortid og notid har skapt meisterverk inspirerte av Bibelen. I møtet med kyrkjemusikk, biletkunst, kyrkjearkitektur, dikting og ikkje minst med folkekunst kan elevane fa ei rikare oppleving av stoffet, samtidig som dei lærer noko om den verdi kristendomen har representert gjennom tidene. I samband med geografiundervisninga kan ein dra inn kunstnarlege uttrykksformer av ymse slag frå ulike kantar av verda, noko som kan hjelpe til å gje elevane eit meir variert og allsidig bilete av folk og samfunn, og skape interesse for dei menneska som bur der. Historiestoff kan aktualiserast og få ei meir nyansert framstelling når elevane får møte det slik som kunstnarar har opplevd det. Ikkje minst kan biografisk stoff interessere og gjere historiestoffet meir levande. I tilknyting til samfunnskunnskap er det eit rikeleg utval innanfor alle kunstarter som kan engasjere elevane og hjelpe dei til å forstå betre kreftene som verkar i samspelet mellom menneske i heim og samfunn. Døme frå kunst der naturen har vore inspirasjonskjelde, kan få plass i naturfagundervisninga og hjelpe til å vekkje sansen for naturverdiar. Heimstadlærestoff kan få verdfullt supplement i utval frå bl. a. barnelitteratur som kan appellere til elevar på dei lågaste klassestega. Uttrykksformer. I løpet av skoledagen, og etter kvart meir og meir i fritida og, blir elevane utsette for intens påverknad. Det kan lett bli eit misforhold mellom alle dei inntrykka elevane får, og høvet til sjølv å uttrykkje seg. Ei naturleg følgje og eit naturleg vern er ei sløv, passiv og overflatisk holdning til inntrykka. I mange tilfelle får behovet for utfalding hos elevane utslag i negativ retning. Skolen må prøve å fremme ei positiv utvikling, blant anna ved å gje elevane høve til personleg utfalding gjennom uttrykksmiddel som kan stimulere dei. Arbeid som utfordrar til sjølvstende og aktivitet gjennom ei personleg uttrykksform, skaper glede og gjev verdfull variasjon. Det er dessutan viktig for heile personlegdomsutviklinga, og bør ha sin sjølvsagde plass i undervisninga. Evna til å få kontakt med andre er også svært viktig for å kunne leve i eit samfunn. Det vil skape betre forståing og rikare oppleving av orienteringa og inntrykka dersom elevane sjølv får arbeide med stoffet etterpå og får gje inntrykka form.
Skann 38 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 36». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/38/