SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 35 skann 37

35 Estetisk opplæring Utsmykking Arrangement Kontakt med estetiske verdiar kunne gjennomføre sjølvstendige og individualiserte arbeidsformer, er tilgang på hendige, instruktive læremiddel som er utarbeidde med tanke på å dekkje dei ulike behov i skolen. Læremidla må vere oversiktleg ordna, og plasserte slik at dei er lett tilgjengelege. Liste over læremiddel bør finnast i alle rom, og slik at både elevar og lærarar kan bruke dei. Elevane kan sjølv lærast opp til å finne fram til læremidla. Oftast vil det vere klokt å la ei gruppe innanfor kvar klasse ha spesielt ansvar for å vere orientert om dei ulike læremidla som er tilgjengelege, og desse elevane kan hente aktuelle læremiddel, ordne med tekniske hjelperåder osv. Estetisk opplæring. Kravet om kunnskap og dugleik kan lett komme til å kjennast som eit press både for elevar og lærarar. Med den avgrensa tid ein har til rådvelde, kan det vere nærliggjande å prioritere aktivitetar som gjev resultat ein etter måten lett kan måle. Dermed er det fare for at verdfulle sider ved skolearbeidet kan bli forsømde. Dette har aktualitet bl. a. for estetisk opplæring og oppseding, fordi verdien av oppleving og røynsle som elevane får i møtet med kunst og kultur, ikkje let seg måle. Like vanskeleg kan det vere å vurdere resultata av arbeid med kunstnarlege uttrykksmiddel. At undervisninga i somme fag heilt eller delvis er vigd estetisk opplæring og oppseding, må ikkje forståast slik at ansvaret for denne opplæringa berre skal kvile på spesielle fag eller faggrupper. I all undervisning bør elevane, når det er naturleg, kunne komme i kontakt med estetiske verdiar eller få høve til å uttrykkje seg gjennom ymse former for skapande verksemd. Ein bør leggje vekt på å gjere det miljøet elevane skal arbeide i, så godt som råd er ut frå estetiske omsyn og. Skoleanlegg, inventar, utsmykking osv. bør derfor planleggjast og stellast slik at det kan hjelpe til å utvikle sansen for harmoni og kvalitet i nærmiljøet utan at det går ut over bruksverdien. Ved tilskipingar på skolen og ved studiebesøk 0.1. bør elevane få komme i kontakt med kulturverdiar og med kunst og kunstnarar i notid og fortid. Det kan vere aktuelt å ordne med utstillingar av elevarbeid, av barnearbeid frå andre kantar, utval av biletkunst, brukskunst osv. Arbeidet med montering og arrangering gjev verdfull røynsle, og derfor bør elevane sjølv vere med på dette og gjerne ha hovudansvaret for det. Likeins bør ein ordne med besøk på skolen av musikarar, skodespelarar, diktarar, målarar, bilethoggarar eller av personar med spesiell innsikt i emne innanfor kunst og kultur. Der det er høve til det, bør også skolen syte for at elevane får gå på teater, konsertar, utstillingar, samlingar 0.1. Ved alle slike arrangement har lærarane ei viktig oppgåve i å førebu elevane og arbeide for at utbytet kan bli så rikt som mogeleg under sjølve tilskipinga og ved etterarbeid. Men kontakt med estetiske verdiar skal først og fremst vere ein naturleg del av den vanlege undervisninga. På dei lågaste klassestega bør læraren ofte samle elevane til hyggje med barnelitteratur, dokketeater, song og musikk, til samtale om eit bilete, ein skulptur 0.1. Ein kan nytte grammofonplater, lydband og fjernsyn, men elevane bør først og fremst få oppleve det levande ordet gjennom enkel forteljing
Skann 37 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 35». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/37/