SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 34 skann 36

34 Førearbeid etterarbeid. Tingen sjølv Symbol grafisk framstelling Ulike typar kart Læremiddel formidla gjennom presse, radio, fjernsyn og film. Elevane må få hjelp til å kunne stille seg kritisk vurderande til denne påverknaden. På den andre sida er det like viktig at elevane lærer seg korleis dei positivt kan dra nytte av den kunnskap massemedia gjev. Det kan best gjerast ved å ta audiovisuelle hjelpemiddel og massemedia i bruk i undervisninga. Biletband, dias, film, lydband og grammofonplater kan brukast i undervisninga når det fell naturleg. Det er ei vanskeleg oppgave for elevane å finne fram i vrimmelen av inntrykk frå massemedia. Elevane må derfor lære å feste seg ved dei opplysningane som har spesiell interesse. Skal dei kunne det, må dei i førevegen samle seg om eit visst utval av spørsmål eller problem. Ein må på førehand vurdere kva for ord og omgrep som bør forklarast. Dernest må ein ta stilling til kva spørsmål elevane spesielt bør fa i oppgåve å finne svar på. Denne typen oppgaver må tilmåtast etter kor mogne elevane er, men etter kvart som dei blir eldre, kan ein i større mon gje dei vanskelegare oppgåver. Det er nyttig om elevane på førehand far eit studieark med oversikt over spørsmål eller problem dei spesielt skal prøve å finne svar på. Vurdering av sjølve læremidlet må og vere med. Oppgåvene må vere utforma slik at jamvel den svakaste eleven kan ha føresetnad for å greie noko, men i tillegg bør ein gje oppgåver som kan representere ei utfordring også for dei flinkaste og ivrigaste. Notatar og observasjonar som elevane gjer, kan brukast i samtale og diskusjon eller som utgangspunkt for ulike former for elevarbeid. Det beste objektet for observasjon er i dei fleste tilfelle tingen sjølv, og der det er mogeleg, bør elevane møte tinga i det naturlege miljøet. Elevane bør lære å forstå at ei viktig kjelde til oppleving og orientering finst i dei nære ting, i heim og samfunn og i den levande og livlause naturen. Med tanke på å skjerpe merksemda kan det vere klokt å setje elevane på sporet når dei skal undersøkje spesielle, nærmare oppgjevne emne. På dei lågaste klassestega kan elevane gjere greie for sine observasjonar gjennom forming, dramatisering, forteljing eller skriftlege arbeid. Etter kvart bør ein auke krava til sakleg innsikt og nøyaktig utgreiing, og arbeidet bør i stor mon gje høve til problemløysing. Grafisk framstelling, tabellar og symbol har sin plass i undervisninga. Elevane bør lære å tolke opplysningar som er gjevne på den måten, og lage enkle former for diagram sjølv. Elevane må bli kjende med at eit diagram ofte forenklar tilhøva, og at det derfor ikkje alltid gjev eit fullstendig rett bilete. Orientering om statistikk høyrer også med. Elevane skal fa kjennskap til at dette kan vere eit framifrå hjelpemiddel når det blir brukt på ein forsvarleg måte, men at det også kan misbrukast. Skolen bør ha eit variert og godt utval av kart. Det gjeld kart som viser topografi, nedbør, klima, vegetasjon, folkesetnad, religion, levestandard osv. Det kan derfor vere aktuelt å bruke kart i mange fag. Elevane bør lære korleis dei kan skaffe seg opplysningar ved hjelp av kart, og korleis dei raskt kan finne fram i eit atlas, og dei bør oppmuntrast til å bruke ulike typar kart i det daglege arbeidet. Ajourførte kart som finst i dagspressa, kan elevane sjølv samle saman. I staden for veggkart kan det i mange høve vere meir formålstenleg å bruke stordias for skriftprosjektør. Ein føresetnad for god og variert undervisning, og for at ein skal
Skann 36 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 34». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/36/