SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 367 skann 369

367 Studieemne må ha ein slik karakter at dei ligg innanfor den generalle oppgåva for grunnskolen. Emna som er nemnde nedanfor, kan vere døme. Dei punkta som er nemnde under dei einskilde emna, peiker på ulike variantar av og ulike sider ved emnet. Opplegg for korte kurs på 2-3 timar i veka. Dramatisk verksemd: Rørsleforming. Skapande dramatikk. Musikkdrama. Elevteater. Dokketeater : Dokkeforming. Sceneoppbygging. Dramatisering. Framsyningar. Foto og film: Kameraet. Motivval. Biletkomposisjon. Utsnitt. Lys og skugge. Ymse slag påverknader ved framkalling og forstørring. Super 8-film blir planlagd og oppteken av gruppe, som ledd i filmstudium. Emne frå forming og praktisk arbeid : Smykke i ulike materiale. Fysikksløyd, radio. Høgtalaranlegg. Keramikk. Veving, teppeknyting. Grafikk. Reklame. Innreie klubblokale e.l. Kunstforståing: Kunsten i dag og i tidlegare tider. Folkekunst. Moderne arkitektur og design. Tidlegare stilarter. Det er ein føresetnad at elevane blir sette til sjølvstendig arbeid med ting og biletmateriale. Musikkforståing Ny musikk, klassisk musikk. Folkemusikk, populær musikk. Rytme. Visesong: Gamle og nye viser. Eigne viser. Særleg gitarakkompagnement. Frå barn til vaksen: Utvikling av personlegdomen. Aktuelle ungdomsspørsmål. Økonomien min: Økonomisk stilling for tenåringen. Stipendog lånevilkår for skoleungdom. Lønsskatt. Sparing. Konsumentspørsmål: Reklame. Vurdering av varer. Bokføring: Hushaldsrekneskap. Foreiningsrekneskap. Handelsbokføring. Natur- og miljøvern: Ureiningsproblem. Støyproblem. Aktuelle økologiske spørsmål. Feltbiologiske undersøkingar. Internasjonale problem: Utviklingsland. Matvareproblema i verda. Folkesetnadsutviklinga. Rasediskriminering. Geologi : Drag frå geologien på heimstaden, ekskursjonar. Innsamling av mineral og stein. Teknikk : Romfart. Telekommunikasjon. Lokalhistorie : Minnesmerke. Tradisjonar, seder og skikkar. Næringsliv i eldre tid. På arbeidsplassen: Jordbruk, skogbruk, hagebruk. I fabrikken. På sjøen. I butikken. På kontoret. Framandspråk: Esperanto. Samisk. Swahili. Emne frå andre framandspråk (fransk, russisk, spansk, tysk) . Når det gjeld framlegga til valemne nedanfor, er det ein føresetnad at skolar som finn dei aktuelle, sjølv arbeider ut planskisser. Motorlære og motorstell. Teknikk i dagleglivet. Modellflybygging. Personleg hygiene, kosmetikk. Flora og fauna på heimstaden. Vilt og viltstell. Utviklingsland og utviklingshjelp. Litterære emne. Leikarring. Korsong. Samspel.
Skann 369 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 367». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/369/