SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 366 skann 368

366 Lagsarbeid Maskinskriving Undervisninga i dette valfaget skal ta sikte på å hjelpe elevane til å lære seg så nøyaktig, korrekt og rask maskinskriving som mogeleg. Ein må leggje stor vekt på å øve inn rett fingersetjing og rett kroppsstilling. Elevane må bli kjende med skrivemaskinen, konstruksjon og vedlikehald. Dei bør, om det er mogeleg, få opplæring også i kopiering, stensilering og bruk av reknemaskin. Det elevane skriv på maskin, må særleg til å byrje med veljast ut frå omsynet til ei systematisk innøving av skrivedugleik. Men dei bør også få høve til å bruke maskinen på ein måte som dei straks har glede og nytte av. Dei bør til dømes få arbeide med aktuelle skriveoppgåver i andre fag, i klasseeller elevrådet eller i samband med gjeremål utanfor skolen. Opplegget høver særleg for halvårskurs på 2 timar i veka. Studieemne Studieemne kan ein ta med blant valfaga for at elevane skal bli mest mogeleg frie til å arbeide med stoff og oppgåver som dei er personleg interesserte i. Emna kan leggjast til rette for eit teoretisk studium eller by på oppgåver av praktisk og estetisk art. Dei kan vere ei fordjuping i eller vidareføring av emne som går inn i dei vanlege skolefaga. Dei kan også vere spesielle emne utanom fagplanane, til dømes aktuelt stoffområde med støtte i dagsavisene eller emne som har eit sterkt lokalt tilsnitt. Etter at det er skipa ei gruppe eller fleire grupper med studieemne, bør det vere høve til å utforme detaljert plan, gruppa sjølv bør gjere dette arbeidet i samråd med skoleleiinga. Gruppa bør også få mykje av ansvaret med å skaffe materiell til arbeidet sitt. Formålet med lagsarbeid som valfag skal vere å komme elevane sitt behov for sam- være og gruppeliv i møte og dessutan vekkje interessa deira for lag og organisasjonar. Dei elevane som vel dette faget, skal få teoretisk og praktisk kunnskap om arbeidet i ein organisasjon, og helst skal dei med dette arbeidet vere med på å styrkje det sosiale livet i skolesamfunnet. 1 . Studium av viktige ungdomsorganisasjo- nar. Korleis dei er oppbygde (lokalt, regio- nalt og sentralt), formåla og funksjonane deira. 2. Korleis ein skipar eit lag. Utforming av vedtekter. 3. Arbeid i laget. Oppgåver for tillitsmennene (formann, sek- Legg ein opp lagsarbeid som valfag, er det viktig å vite om gruppa skal arbeide for eit eksisterande lag ved skolen eller skipe eit nytt lag, om laget er tilknytt ein meir om- fattande organisasjon, kva slag verksemd laget skal drive osv. retær og kasserar) . 4. Møteleiing og møteteknikk. Planlegging av møte. Dagsorden. Debatt. Avrøystingar. 5. Økonomien i laget. Dersom lagsarbeid skal vere med blant valfaga, må elevane bli kjende med hovud- draga i planen før dei vel fag. Opplegget er tilpassa halvårskurs eller heilårskurs med ulike timetalsalternativ. I ein slik plan kan hovudpunkta vere : Medlemskontingent. Andre inntektskjelder. 6. Lagsmøte, festar og andre arrangement. Programarbeid. 7. Opplysningsverksemd utetter. Foredrag. Plakatar. Reklame.
Skann 368 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 366». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/368/