SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 368 skann 370

Minstekrav til innbu og læremiddel i grunnskolen Etter lov om grunnskolen av 13. juni 1969, § 9 nr. 2, skal departementet fastsetje minstekrav til innbu og læremiddel. Minstekrava er utforma i samsvar med Mønsterplanen, der m.a. desse prinsippa har lege til grunn for innhaldet: 1. Den einskilde skolen/læraren har stor fridom til å velje lærestoff og arbeidsmåte. 2. Elevane skal arbeide mest mogeleg ut frå sine eigne føresetnader. På denne måten varierer minstekrava i form og innhald frå fag til fag. For somme fagområde kan ein setje opp etter måten detaljerte minstekrav, på andre område kan ein berre stille krav som dekkjer visse funksjonar. Sjølvskrivne forbruksartiklar har vi mest mogeleg late vere å ta med. Når ein kjøper innbu og læremiddel, er det nødvendig i tillegg til desse minstekrava å stø seg til det som er sagt i Mønsterplanen, både i den generelle delen og under fagplanane. Det som trengst av innbu og læremiddel er m.a. avhengig av dei faglege moment og arbeidsmåtar ein vil leggje vekt på. Kvar skole må derfor saman med den lokale skoleadministrasjonen ha høve til å vurdere tilhøva og syte for at skolen får det utstyret han treng og som han kan gjere seg nytte av. Departementet vil prøve å supplere minstekrava med rettleiande informasjon om innbu og læremiddel etter kvart som rettleiingstenesta blir utbygd. Det er teke med ei oversikt over innbu i skolelandskap og informasjonsrom som ei hjelp til dei som skal utstyre slike rom. Frå departementet si side er det føresetnaden at skolar som i dag ikkje har full dekning av innbu og læremiddel etter dei nye krava, får supplert utstyret i løpet av ein treårsperiode. Nybygde skolar skal utstyrast etter minstekrava. Men dei treng ikkje utstyrast fullt ut før dei blir tekne i bruk. Noko av løyvinga kan haldast tilbake, slik at lærarane ved skolen får vere med på å komplettere utstyret. Vi viser elles til avsnittet om Læremiddel i Mønsterplanen. INNBU Klasserom: Høveleg arbeidsplass til læraren. Låsbart skåp eller skuffer til protokoll og notat. Stol til læraren. Høveleg arbeidsplass med stol til kvar elev. (Pultar og stolar i ulike høgder tilpassa elevane.) Filmskjerm som bør kunne skråstillast, og blendingsutstyr. (Sjå minstekrav til læremiddel.) Karthaldar med kart og oppheng til plansjar. Tavler med ulike funksjonar. Tilstrekkeleg skapplass eller annan plass til frie skolesaker, øvingsmateriell og audiovisuelt utstyr. Bokhyller eller annan plass til klassebibliotek. (Bøkene som høyrer til rommet og bøker frå andre bibliotek.) Papirkorg. Termometer. Tillegg for klasserom for barnesteget: Oppbevaringsplass der kvar elev har rom til eige utstyr. Oppbevaringsplass til enklare formingsreiskapar og utstyr. Sandkasse til klasserom for 1.-3. klasse. Grupperom: Når ein skal fastsetje inventaret til grupperom, må ein ta utgangspunkt i den funksjonen rommet skal ha. Til vanleg blir inventaret av same slaget som i klasserom. Tillegg for klasserom /grupperom på ungdomssteget: I tilknyting til klasserom og grupperom må det vere hyller der kvar elev
Skann 370 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 368». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/370/