SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 365 skann 367

365 kum, somme er pølseseljarar, andre dommarar. Med slike øvingar kan elevane frigjere seg frå hemningar og sjenanse, og dei kan fa impulsar til spontanreplikkar. Dramatisering. Etter kvart kjem ein fram til den eigentlege dramatiseringa. Stoffet kan hentast frå ei mengd ulike kjelder, til dømes frå kvardagen til elevane, spørsmål som er oppe i tida, program i radio og fjernsyn, naturen, musikk, skapande kunst, historie og geografi. Dikt, eventyr, romanar og sakprosa kan vere gode utgangspunkt. Ein bør leggje vekt på å finne stoff som elevane er opptekne av, interesserte i. I dramatimane bør ein forutan teaterhistorie, drakthistorie og kunsthistorie ta med stemmebruk, sansetrening, scenesminke, sceneteknikk og bygging av settstykke. Elevane på ungdomssteget har ofte lyst til å vise dramatiseringa si for andre. Om dette er praktisk gjennomførleg, bør dei fa høve til det. Men det er viktig å vere klår over at det er arbeidet i gruppa, og ikkje framsyninga, som er det primære ved dramaundervisninga. Hjelpeteneste Formålet med hjelpeteneste som valfag er å vekkje interesse og ansvar for sosialt arbeid i det lokale samfunnet skolen høyrer til. Det er rimeleg at planen for faget blir utarbeidd lokalt. Som ein allmenn regel bør faget vere sentrert kring ein sosial institusjon (aldersheim, sjukehus, førskoleinstitusjon, barneheim, fengsel e.1.) i nærleiken av skolen og om dei sosiale problema institusjonen prøver å løyse. Med besøk i institusjonen, med å lese om han, med å spørje direkte dei som er knytte til han eller har noko med han å gjere, skal elevane skaffe seg best mogeleg kjennskap til institusjonen og til det arbeidet han utfører. Elevane bør få vere med og stø dette arbeidet med å yte tenester av ulike slag. Ein må leggje vekt på å organisere hjelpetenesta slik at elevane far personleg kontakt med dei som høyrer institusjonen til. Dersom hjelpeteneste blir innført som valfag, må skolen på førehand innleie eit samarbeid med vedkommande institusjon, og gjere avtale om korleis tenesta skal organiserast. Ein plan for arbeidet må i hovuddraga vere ferdig på det tidspunktet elevane skal velje fag. Opplegget høver for halvårskurs og for årskurs med ulike timetalsalternativ. Planen kan omfatte arbeidsoppgåvene nedanfor. 1. Innsamling av opplysningar om institusjonen frå institusjonen sjølv, frå bibliotek, lokale aviser, kommunale organ osv. 2. Utnytting av det innsamla stoffet. Utarbeiding av rapportar, intervju, statistikkar 0.1. Eventuelt orientering om institusjonen til elevar med andre valfag. 3. Aktiv teneste av ymse slag. Hjelp til praktiske gjeremål, t.d. hjelpe gamle, uføre og funksjonshemma med praktiske oppgåver. Aktivisere t.d. pensjonærane på ein aldersheim. Høgtlesing, musikk, framsyning av film og bilete. Assistentteneste, særleg i institusjonar for barn. Det er mogeleg å organisere hjelpeteneste også der det ikkje er nokon institusjon i nærleiken av skolen. Ein kan likevel arbeide med sosiale oppgåver og problem, til dømes gjennomføre ei aktiv teneste for gamle, sjuke og uføre.
Skann 367 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 365». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/367/