SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 364 skann 366

364 forstår at det går for seg eit utval av komponentar (enkeltbilete, lyd, tekst, tale), og at dette igjen blir kombinert for eit visst formål. Elevane bør få høve til å sjå og analysere korte filmar og fjernsynsprogram og prøve å finne ut kva dei eigentleg har sett, og kva dei berre trur dei har sett p.g.a. kombinasjonen av bilete, bruken av lydeffektar eller ein kommenterande tekst. Etter kvart kan så elevane på same måten arbeide med meir omfattande analyseoppgåver. Kven - kva - korleis -for kven ? Elevane bør no vere i stand til å analysere t.d. aviser, blad, bøker, plakatar, radioprogram, filmar og fjernsynsprogram ut frå det dei veit om vilkåra for påverknad, og det dei har lært om avsendarbodskap - medium - mottakar. Kven er avsendar? Kva er bodskapen? Finst det meir enn ein bodskap? Finst det ein «løynd bodskap»? Kva er mediet? Korleis er det utnytta? Er det rett val av medium? Kvifor er det valt? Kva målgruppe tek avsendaren sikte på? Kvifor? Kva veit han om målgruppa? I kva for situasjon vil han prøve å treffe målgruppa heime? (Mottakarsituasjon.) Forutan analyseoppgåver må elevane no få i oppgåve å formidle ein bodskap med eit bestemt formål til ei bestemt mottakargruppe, og sjølv velje medium (ev. media) og utforming. Dei kan t.d. leggje opp og gjennomføre ein informasjons- eller propagandaaksjon ved skolen. Drama Drama har som valfag siktepunktet å aktivisere fantasien hos elevane og vekkje lyst til å skape noko. Faget bør gje eleven høve til å lære seg sjølv å kjenne, uttrykksmidla og sansane sine, og det bør utvikle og oppøve konsentrasjonsevna hans. Elevane bør fa innføring i teaterhistorie, drakthistorie og kunsthistorie. Arbeidet i ei gruppe må leggjast opp med hovudvekta på det praktiske. Ein bør prøve å la elevane oppleve ein samanheng mellom praktiske dramaøvingar og den teoretiske orienteringa. Dramatisk verksemd må byggje på eit nært og tillitsfullt samarbeid mellom elevar og lærar. Ein bør ta seg god tid til å byggje opp den atmosfæren av tryggleik som er heilt naudsynt for å fa eit skapande arbeid i gang. Opplegg for halvårskurs og årskurs på 2 timar i veka. All dramatisk verksemd bør ta til med: Mime - stilla sitt språk. Mime er rørsler som uttrykkjer noko utan ord. Ved hjelp av mime kan elevane etter kvart få øving i å bruke kroppen som uttrykksmiddel. Ein bør først arbeide med gruppemime. Gruppa kan etter kvart bli mindre og mindre, og til slutt kan ein komme fram til individuell mime. Rytme. I likskap med mime er rytme eit grunnleggjande element i dramaundervisninga. Det er ikkje eit krav å kunne spele eit instrument for å bruke rytme som hjelpemiddel. Ein kan klappe i hendene, bruke tromme eller nytte lydband og grammofonplater. Rytmeundervisninga tek sikte på å frigjere kroppen og løyse opp spenningar. Spontanreplikk. Når kroppen er mjuk og frigjord, er det tid for spontanreplikken, dvs. den replikken som blir skapt ut frå den aktuelle situasjonen. På ungdomssteget er mange elevar, særleg til å byrje med redde for å uttrykkje seg fritt i tale. Ein del elevar kan også vere hemma av mangel på ord. Skal ein få talen i gang, kan det derfor vere rett å byrje med kollektive munnlege øvingar. Ein kan til dømes dramatisere utropsorda. Neste steget kan vere dramatisering som byggjer på utropsord med korte setningar. Vidare kan talen utvikle seg gjennom øvingar som rissar opp ein viss situasjon. Ein kan til dømes la alle elevane vere radioreporterar ved eit skeisestemne, ei utstilling e.l. For å fa bukt med sjenansen hos elevane, kan ein overdøyve talen deira med sterke lydar eller musikk, slik at dei kjenner seg trygge. Enda eit steg vidare er det å skissere eit miljø der elevane spelar kvar si talerolle. Ein kan ta skeisestemnet som utgangspunkt. Somme elevar er deltakarar, andre publi-
Skann 366 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 364». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/366/