SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 363 skann 365

363 sin eigen fantasi må fa avgjere kva for uttrykksform dei vil velje, og dei må fa høve til å bruke og kombinere ulike media etter behov. Opplegg for årskurs på 2-3 timar pr. veke. Kommunikasjonsteori. Om avsendar-bodskap-medium-mottakar. Kven er avsendar? Veit vi alltid kven som står bak? Om tilhøvet mellom medium og bodskap. Døme på media. Om mottakaren og mottakingssituasjonen. Biletanalyse. Om biletelement og forholdet mellom dei. Kva: er viktigast i biletet, og kvifor oppfattar vi det slik? Kva fortel biletet? Kva hender i biletet? Kva kan vi finne ut om personar, stad, tid osv. Miljø, alder, nasjonalitet, økonomisk bakgrunn, ytre situasjon, sinnsstemningar, temperatur, lukt, lyd, årstid, tid på døgnet, årstal 0.1. Det er viktig at elevane forstår at alle bilete er utsnitt av noko, og at nokon har bestemt kva og kor mykje vi får sjå og på kva måte vi får sjå det. Motiwal, biletutsnitt og biletkomposisjon. Lærebøker og andre bøker, aviser og vekeblad gjev saman med elevane sine eigne bilete (fotografi og teikningar) høveleg materiale til dette arbeidet. Tekst. Korleis bruker vi ord til å påverke ? Om val av. ord og om kombinasjonar av ord. Visse ord har positiv og andre negativ ladning. Om synonym. Kan elevane finne fram til ord og uttrykk som eigentleg tyder det same, men som har ulik ladning? Om skrifttypar og layout. Korleis vi kan bruke trykksats til ulike formål. Om val av ord som det skal leggjast vekt på i teksten. Om tilhøvet mellom tekst og omgjevnad (layout). Om korleis vi kan bruke fargar i tekst. Dagsaviser og vekepresse gjev her rikeleg med arbeidsgrunnlag, og elevane må få høve til sjølv å lage tekstplakatar der dei kan eksperimentere med ord, ordval, skrifttypar og utheving av enkeltord. Lyd. Vi opplever ulike lydar på ulike stader. I klasserommet, i skolegården, i skogen, på stranda, ved ein trafikkert veg osv. Korleis lyd påverkar oss. Vi blir i godt humør av somme lydar, i dårleg humør av andre. Om tale. Korleis vi kan farge ein tekst ved måten vi les han på, ulikt trykk, ulikt tempo, stemning. Om bruken av lydbakgrunn for å farge vår oppfatning av det som blir lese eller sagt. Analyse av radioprogram. Biletkombinasjon . Om å setja saman to eller fleire bilete til ei biletforteljing. Bileta verkar på kvarandre og på korleis vi oppfattar dei. Ein kombinasjon av to eller fleire bilete seier meir enn summen av innhaldet i kvart einskilt bilete. Om korleis vi kan forvrengje innhaldet i eit bilete ved å setje det saman med eit anna. Kva eitt bilete har å seie for kva vi oppfattar som det. viktigaste i det neste. Fotografiske reportasjar, biletseriar og teikneseriar gjev her eit godt arbeidsmateriale. Det er viktig at elevane sjølv får prøve korleis bilete får ulik meining i ulike kombinasjonar. Bilete og tekst. Korleis teksten verkar inn på biletet og omvendt. Teksten fortel oss korleis vi skal forstå eit bilete og påverkar vår oppfatning av det. Teksten avgjer kva som er viktig og mindre viktig i biletet, kva vi legg merke til, og kva vi eventuelt ikkje legg merke til. Teksten gjer at vi les inn i biletet ting som ikkje går heilt klårt fram, eller som vi i det heile teke ikkje ser. Biletstoff frå blad, bøker, aviser, plakatar osv. blir analysert. Kva fortel biletet? Kva fortel teksten? Er det samsvar eller motsetning mellom dei? Kan vi forandre innhaldet i eit bilete jved å forandre teksten? Elevane får sjølve prøve å setje ulik tekst til dei same bileta, både vanlege undertekstar, overskrifter og tekstar i form av teikneseriebubler. Bilete og lyd. På same måten som forholdet mellom tekst og bilete, må forholdet mellom lyd og bilete klårleggjast. Elevane må sjølve få prøve å setje saman lyd og bilete, frå kombinasjonen av ein einskild lyd og eit einskilt bilete til t.d. lysbiletseriar med lydakkompagnementC Det er også viktig å ta opp bruk av musikk til bilete. Filmar og fjernsynsprogram samansette av bilete med reint lydakkompagnement utan tekst eller tale bør brukast til større analyseoppgåver. Filmen kan t.d. først kjørast utan lydakkompagnement og deretter med tilhøyrande lyd. Korleis skifter vår oppfatning av bileta når vi høyrer lyden ? Film og fjernsyn. Det er viktig at elevane forstår at film og fjernsyn kan nytte seg av bilete, lyd, tekst og tak samtidig, og dermed har alle vilkår for å påverke og forvrengje som dei elevane til no har lært om. Det er særleg viktig at dei
Skann 365 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 363». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/365/