SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 362 skann 364

l> 362 ARBEIDSMÅTAR Formålet med undervisninga i teknologi er at elevane skal få nytte og utvikle vidare både dei praktiske og intellektuelle dugleikane sine. Eit viktig poeng med undervisninga er at arbeidet bør bli konsentrert om emne som elevane sjølve vel ut frå sine eigne interesser. I mange tilfelle vil det sikkert vere formålstenleg å starte med ferdige tekniske produkt. Arbeidsoppgåvene kan da vere å demontere, studere funksjonsmekanismane, reparere eventuelle feil, konstruere nye delar når noko er øydelagt og så montere det heile igjen. Her er det viktig at læraren får elevane til å arbeide systematisk og sjå til at ein under demonteringa held orden både på delar og verkty. Teknisk teikning bør også prøvast under slike arbeidsoppgåver. Andre arbeidsoppgåver kan gå ut på å lage ulike ting ut frå gjevne arbeidsteikningar, koplingsskjema osv. På skolen og i heimane vil det dessutan vere ei rekkje ting som treng reparasjon og vedlikehald. Det primære i undervisninga må vere at elevane får ta del i praktisk arbeid. Dette hindrar likevel ikkje at læraren må stimulere elevane til å skaffe seg gode teoretiske kunnskapar om dei materialane og konstruksjonane som er grunnlaget for kvart einskilt produkt. Ein skal ikkje sjå bort frå at nokre elevar har oppfinnareigenskapar, og derfor kan komme med framlegg og idear. Innanfor rimelege grenser må desse elevane få høve til å prøve og feile. Gruppearbeid må vere den naturlege arbeidsforma for elevane. Arbeidsoppgåvene må derfor vere av ein slik art og eit slikt omfang at det blir naturleg for elevane å samarbeide om problemløysingane. Når ein har avslutta arbeidet med eit emne (produkt), bør læraren trekkje inn relevante problem i samband med emnet, som ressursspørsmål, ureining osv. Etter kvart som nytt verkty blir teke i bruk, må læraren syte for at elevane lærer å bruke det på rett måte. Læraren bør ikkje ta med meir teoretisk lærestoff enn det som trengst for produktutviklinga. I mange tilfelle er det nok å få elevane til å studere brosjyrar og arbeidsforklaringar som følgjer med både verkty og arbeidsmateriale. Lærebøker for ulike skoleslag, hobbybøker og liknande må alltid vere tilgjengelege for elevane. Ekskursjonar bør gå inn i undervisninga. Industrien i lokalsamfunnet må trekkjast inn i den utstrekning dette er mogeleg. Besøk på bedrifter kan hjelpe til å plassere teknologien i dagens samfunn. Utplassering av elevar i arbeidslivet bør og vere aktuelt i denne samanhengen. Besøka i arbeidslivet utanfor skolen er viktige fordi elevane på denne måten får betre høve til å sjå samanhengen mellom arbeidet i skolen og det samfunnet dei blir utdanna for. UNDERVISNINGSROM Ettersom praktisk arbeid er eit hovudpoeng i undervisninga, må undervisninga i faget leggjast til rom der dette er praktisk mogeleg. Formingsavdeling og naturfagavdeling høver truleg best. UNDERVISNINGSMIDDEL Behovet for undervisningsmiddel er i høg grad avhengig av dei emna som blir handsama. I heimane, på arbeidplassane, i fabrikkane, på skolane osv. finst ei mengd ting som har liten direkte bruksverdi. Dette materialet kan likevel vere svært nyttig i teknologiundervisninga. Visse emne krev likevel noko innkjøpt utstyr, t.d. komponentar innanfor elektronikk, fotopapir til fototeknikk eller kjemikal til plastframstelling. Mediakunnskap Faget tek sikte på å gje elevane ei grunnleggjande innsikt i korleis tekst, lyd, bilete, biletsamansetningar og kombinasjonar av tekst/lyd/bilete påverkar oss. Elevane skal lære å analysere den påverknaden dei blir utsette for og i nokon mon å forsvare seg mot han, samtidig må ein prøve å gjere alle uttrykksformer tilgjengelege for dei. Eievane
Skann 364 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 362». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/364/