SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 361 skann 363

361 Teknologi Undervisninga i teknologi skal ta sikte på å : — gje elevane høve til sjølve å arbeide med materialar og produkt som er vanlege i vårt teknologiske samfunn, - medverke til at elevane far sans for kva rolle teknikken spelar i dagens samfunn. Elevane kjem stendig i kontakt med materialar, instrument, maskinar og liknande som har direkte teknologisk bakgrunn og oppbygging. Svært mange er opptekne av desse tinga. Elevane er interesserte i oppbygging og funksjonsmåte for dei ulike konstruksjonane. Ofte er det rein nyfikne som er motivet for denne interessa. Ynsket om t.d. å reparere noko som er gått sundt, motiverer mange elevar til engasjement. I faget teknologi vil ein stette desse behova, prøve å aktivisere elevane til større kunnskap i teknologisk lei og prøve å gje dei ei betre forståing for den verdien teknologien har i vårt samfunn. God kjennskap til teknologiske problemstillingar vil gje den einskilde eleven betre grunnlag til sjølv å ta stilling til fordelar og ulemper ved den teknologiske utviklinga. Kunnskapar i teknologi vil setje elevane i betre stand til å ta del i diskusjonen om ressurspolitikken vår. Slik vil teknologiundervisninga gjere sitt til å kaste lys _over vekselverknaden mellom teknologi og andre fagområde, og dessutan over samspelet mellom industri og samfunn. LÆRESTOFFET Som ei følgje av målsetjinga for faget blir det elevane sine eigne interesser og behov som må vere avgjerande for valet av lærestoff. Oftast er vel desse interessene avhengige av miljøet og lokalsamfunnet, og derfor blir det naturleg med skiftande opplegg frå skole til skole, og frå klasse til klasse. Undervisninga bør likevel bli konsentrert om eit avgrensa tal emner, slik at ein sikrar ei relativt grundig innføring. Det er også rimeleg at industri og annan teknologisk aktivitet i lokalsamfunnet vil verke inn på dei emna det fell naturleg å ta med. Oftast vil eit teknisk produkt vere utgangspunkt for aktivitetane. Læraren må likevel, i samarbeid med elevane, prøve å plassere dei einskilde produkta inn i s turre samanhengar, som både har med det teknologiske og det samfunnsmessige å gjere. Det vil derfor vere naturleg at undervisninga i teknologi rører ved område som tradisjonelt høyrer inn under andre fag, som t.d. forming, fysikk, kjemi, geografi og samfunnsfag. Valet av emne må rette seg etter timeramma og andre forhold ved den einskilde skolen. Framlegg til emne for 2 timar pr. veke på 8. klassesteget og (eller) 2 (4) timar pr. veke på 9. klassesteget. Verktylære. Materiallære og tilverking av materialar. Bilen. Moped/motorsykkel. Påhengsmotor. Plenklippar. Tråsykkel. Traktor. Elektriske installasjonar. Elektriske hushaldsapparat. Elektronikk. Metall. Plast. Betong. Trematerialar. Papir. Husbygging. Skog/treforedling. Mjølk/mjølkeprodukt. Fisk/fiskeprodukt. Olje/oljeprodukt. Såpe/reingjering. Vatn/ureining av vatn. Luft/ureining av luft. Energi/kraftutbygging. Byplanlegging. Trafikk/kommunikasjonar. Elektromekanisk leikety. Låsmekanismar. Teknisk teikning. Produktutvikling. Fototeknikk. Måleteknikk. Emnelista er ikkje meint å vere fullstendig eller bindande. Den einskilde skolen kan sjølv leggje til andre aktuelle emne.
Skann 363 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 361». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/363/