SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 360 skann 362

360 Korleis eg blir vaksen. Behovsutvi kling. Eros og Sexus (m.a. litterære kjelder, t.d. Synnøve Solbakken) . Demokratisk evne - sjølvstendeproblem. Interesser. Korleis vi alle er like og ulike (m.a. tvillingvekst og toleranseproblem). Fysiologiske utviklingstrekk. Emosjonelle utviklingstrekk. Sjølvoppfatning - egosentrisitet. Ideal og livssyn (verdisyn). Korleis ei handling blir til. Sjølv-ego-forsvar. Lysthandling rusgifter etc. Handling i nødssituasjon - panikk o.a. Kriminell handling. Karakter. Aktuelle miljøtema: Skolen min - skoletrøttleik - korleis ein skole bør vere. Familien min — generasjonskløfta. Kameratskap - vennskap - gruppemiljø. Tenåringskulturen, popkultur, kjøpepress 0.1. Miljøvanskar i veksten - tilfiyttarsituasjon etc. Å vekse opp i andre familieformer - kibbutzen o.a. Massemediaopplevingar og effekten av desse. Fritid og plikttid. Funksjonstema: Eg - dei mindre barna - dei vaksne, samarbeid og kontakt mellom generasjonane. Eg - dej funksjonshemma - dei sjuke. Rolleimitasjon: Å vere foreldre for tenåringar. Rollefunksjon : Å vere lærar for barn i småklassane (med læringspsykologisk innføring) . Å passe barn i krabbealderen, i den første trassalderen osv. Gammaldags og moderne oppseding - rolleimitasjon. Kvifor ta leiken i bruk i arbeid og læring? Den siste gruppa uttrykkjer funksjonell teori, og er særleg aktuell sett frå eit oppsedingssynspunkt. Ein kan sjå henne i samanheng med ei planlagd «turnusteneste» i sosiale institusjonar (jfr. hjelpeteneste), i heimar, barnehagar eller på sjølve skolen (dei lågare klassestega). På denne måten blir det heile konkretisert. ARBEIDSMÅTAR Faget personlære bør i særleg grad vere lystprega og gi elevane ei kjensle av at dei her får høve til å arbeide med stoff som interesserer dei og vedkjem dei personleg. Derfor bør læraren så langt som det er mogeleg, ta elevane med på råd i planlegginga av undervisninga, i val av arbeidsmetodar og lærestoff. Emneområdet er så stort og variert at det i alle fall blir nødvendig å gjere eit utval. Så langt det lét seg gjere, bør arbeidet vere elevsentrert og ta utgangspunkt i den situasjonen elevane kjenner til dagleg. Jamvel om det er vanskeleg å unngå at læraren i nokon mon må greie ut om emna, bør arbeidsmåten så langt det er råd, ha form av diskusjonar og drøftingar der elevane sjølve er aktive. Elevane bør stimulerast til sjølve å finne fram til relevant stoff, og læraren bør fungere som rettleiar. I den grad det er mogeleg, skal elevane kjenne seg frie til å drøfte problema på sin eigen måte, men samstundes må dei få hjelp til å føre diskusjonen på eit sakleg plan og venje seg til en høveleg uttrykksmåte. Framandord og faguttrykk bør avgrensast til eit minimum, men læraren bør samstundes få elevane til å forstå at visse faguttrykk er nødvendige når ein skal ordleggje seg klart. Han må hjelpe elevane med å definere desse, eller rettleie dei i bruken av oppslagsbøker. Læraren må i nokon grad samarbeide med kollegaer i andre fag, t.d. naturfag, når det gjeld spørsmål om seksuallivet, kristendomskunnskap i samband med etikk, og norsk og samfunnsfag. Eit slikt samarbeid er nødvendig, både for å unngå oppattakingar, og for at lærarane eventuelt kan supplere kvarandre.
Skann 362 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 360». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/362/