SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 359 skann 361

359 Personlære som valfag byggjer på den sjølvkjennskapen elevane alt sit inne med, og fører han vidare på eit høgare modnadsnivå. Personlæra tek utgangspunkt i den unge si oppleving av seg sjølv som person, d.e. som eit menneske som kjenner seg stadig sterkare utskilt frå andre og må ta stadig stigande ansvar for sitt eige liv. Lærestoffet har tilknyting til fleire av dei obligatoriske faga, t.d. norsk, orienteringsfag og kristendomskunnskap, men tek meir utgangspunkt i psykologi og sosiologi enn i desse andre faga. Det kan vere ulike syn på kva emne ein bør ta med i personlæra, og stoffet kan bli lagt fram på ulike måtar. Rettleiande arbeidsplanar blir derfor presentert med to alternative løysingar. RETTLEIANDE ARBEIDSPLANAR Alternativ I a. Utviklingspsykologi : - Gjennomgåing av dei ulike fasane i barnet si utvikling, korleis desse blir gjennomlevde og fører naturleg over i kvarandre. — Understreking av kva dei første barneåra har å seie. - Arv og miljø. - Pubertetsutviklinga og kva ho har å seie. Primære og sekundære kjønnskarakterar. Den seksuelle, emosjonelle, intellektuelle og sosiale utviklinga i puberteten. b. Forholdet foreldre-barn og utgreiing om kva ulike oppsedingsformer har å seie for personlegdomsutviklinga. Korleis foreldre og barn gjensidig verkar på kvarandre. I samband med dette kan ein også drøfte tenåringane si frigjering frå foreldra: oppløysinga av dei sterke emosjonelle banda, kampen for sjølvråderett og sjølvstende, og noko om dei faktorane som gjer denne prosessen vanskeleg for begge partar. I drøftinga av desse aspektane ved utviklinga er det naturleg å komme inn på lærar/elev-forholdet. c. Forholdet til kameratar av begge kjønn, m.a. endringar på grunn av seksuell modnad, og vanskane med å finne fram til snart vaksne kjønnsroller. Her er det høve til å drøfte etiske, sosiale og emosjonelle aspektar ved seksuallivet. d. Handsaming av konfliktar, både eigne indre konfliktar, som kan oppstå ved at behov og drifter ikkje kan tilfredsstillast, ved at mål ikkje kan realiserast osv., og konfliktar med andre menneske. Her drøftar ein ulike måtar å løyse konfliktane på, m.a. dei ulike dynamismane som ofte blir nytta: rasjonalisering, kompensasjon, regresjon, projeksjon osv. I denne samanhengen er det også rimeleg å bruke døme frå forholdet mellom foreldre og barn, lærar og elevar, og jamaldringar. e. Normer og verdiar - kva er det som bestemmer holdningane våre? Korleis blir varige og faste holdningar danna, og kva er skilnaden mellom normer og fordommar ? Her drøftar ein omgrep som toleranse, innsikt i eigne og andre sine motiv osv. Når ein er inne på dette, er det også naturleg å behandle omgrepet karakter. f. Identitetsproblemet. Jamvel om personlegdommen etter kvart får ein fast kjerne, vil ein også som vaksen i nokon mon endre identitet, t.d. ved overgang frå ein livsfase til ein annan, frå eitt yrke til eit anna osv. Dessutan møter både ungdom og vaksne — i den grad dei er vakne og mottakelege - frå tid til anna nye sider ved seg sjølve og deira omgivnader, og det kan føre til endring i sjølvoppfatninga. Det bør og nemnast at opplevingar ein har på skolen, er med på å forme sjølvoppfatninga. Alternativ II Personlæra kan romme svært mange tema. Ein kan ordne dei i fire grupper. Definisjonstema: Personlegdomsaspektar : Aggressivitet, kjærleik, frykt, sjølv-ego-kreftene, samvit, interesser, fantasi, vilje, korleis handlingar bhr til, persepsjon etc. Medvite og undermedvite sjeleliv. Korleis miljøfaktorane verkar inn på vekst og sosial utvikling. Arv - miljø. Mennesket og livsformer på andre utviklingsnivå - fellestrekk, skilnader. Sjølvbergingsdrift - trong til å verne om slekta - vekst og utvikling. Utviklingspsykologiske tema: Den negative perioden. Forelsking - makeideal - framtidsfamilie. Identitetssøking - innbilt publikum.
Skann 361 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 359». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/361/