SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 358 skann 360

358 klår etisk problematikk. Diskusjonen bør gå mot å finne grunngjevingar for at ein handling blir rekna for klanderverdig eller ikkje. Elevane gjev døme frå sine eigne røynsler. (Også læraren bør gje døme på reint personlege opplevde hendingar der ei etisk verdsetjing kjem sterkt inn.) Det er verdfullt også å få nemnt døme på det ein vil bli samd om å karakterisere som gode handlingar og kvifor. Ved ei slik felles drøfting av etiske problemstillingar er det av avgjerande verdi at elevane har tillit til læraren sin diskresjon. Når lesedugleiken tillet det, bør alle vere med på å ta med avisartiklar e.l. som nemner hendingar som høver til samtalar og diskusjon. Det bør avtalast å lytte på radio når det gjeld visse program. Det same kan gjelde fjernsynsprogram. I leseverka til skolen vil det alltid vere dikt og prosa som inneheld etiske problemstillingar - og som kan bli utgangspunkt for diskusjon. Læraren må vere reservert med omsyn til å uttale verdidommar i slike konkrete tilfelle. Elevane må tvert imot oppmuntrast til å finne fram til etiske vurderingar sjølve, og til å prøve å grunngje dei. Resultata av slike diskusjonar bør noterast i arbeidsbøker der elevane også noterer forklaringar og definisjonar på vanskelege ord og omgrep og programtider frå radio og fjernsyn. Arbeidsbøkene kan vidare brukast til å leggje eller lime inn avisstoffo.l. i. Læraren skal ikkje vere moralsk autoritet. Det er den felles drøftinga av problema som er det viktigaste - ikkje dei autoriserte svara. Ein skal altså ikkje absolutt fram til nokon endeleg konklusjon. Det vesentlege er at ein vender tilbake til problemstillingar som klårt viser at mennesket ynskjer å møte positive etiske verdiar. Etter ei tid vil det bli viktig å understreke overfor elevane at menneska til alle tider og stader har vore opptekne av etiske problem og har prøvd å løyse dei. Dei har sett at etiske grunnsetningar er nødvendige for ei fruktbar og harmonisk samfunnsutvikling. Det er ikkje vanskeleg å integrere livssynsorientering med andre fag, i første rekkje naturleg nok med orienteringsfaga og norsk, men også forholdet til det estetiske - til kunst, til musikk og poesi, vil bli stimulert. Stoff kan hentast både frå verdslitteraturen og vår heimlege litteratur. I mangfaldet av religiøs musikk og dei uttrykk kunstnarar har funne for fundamentale holdningar til livet, kan ein t.d. vise korleis ulike kunstnarar har oppfatta same religiøse motivet. Stoff kan t.d. hentast frå utsmykkinga av byggverk som pagodar og buddhistiske kloster eller frå dei merkelege pyramideliknande byggverka i indianarkulturar som no er utdøydde. Vidare kan nemnast dei magiske reiskapane og hjelpemidla i sine fantastiske utformingar hos naturfolka - amulettar, talismanar, fetisjar - og/eller dei sakrale dansane i samband med heilage tider, musikken, mangfaldet av instrument - det geometriske prinsippet i dei muhammedanske byggverka. Ved enkelte skolar kan det bli svært små grupper som får denne forma for undervisning, og det kan bli turvande med nokså mykje sjølvstudium. Nokre stader kan det bli vanskeleg å få laga grupper med eigne lærarar. I staden kan det vere aktuelt at ein lærar hjelper til med å setje opp ein arbeidsplan, leggje lærestoffet til rettes og skaffe litteratur og audiovisuelt materiale. Utan omsyn til organiseringsform kan det vere ynskjeleg å gje elevane individuelle arbeidsoppgåver og framlegg til høveleg litteratur som dei kan lese på eiga hand. Personlære Undervisninga i personlære skal ta sikte på : - å hjelpe elevane til å bli kjende med sin eigen personlegdom, sine psykiske reaksjonar og sitt eige sjeleliv, - å hjelpe elevane til å forstå sitt eige forhold til andre menneske, til foreldre, sysken, lærarar og andre vaksne, og til jamaldringar av begge kjønn, - å hjelpe elevane til å løyse sine eigne konfliktar, både eigne indre konfliktar og konfliktar med andre menneske, - å hjelpe elevane til å forstå sine eigne holdningar og til å fa ei viss innsikt i kva for faktorar som er med på å danne normer og verdiar, - å hjelpe dei til betre å forstå kva det vil seie å bli vaksen, og førebu dei til oppgåvene dei vil fa som vaksne.
Skann 360 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 358». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/360/