SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 357 skann 359

357 Det er viktig at undervisninga er prega av vidsyn, at ho er allsidig og sakleg, slik at ein, når ein handsamar ulike livssyn, ikkje autoritativt prøver å påverke elevane til eit bestemt syn, og slik at skilnaden mellom kva som er fakta og kva som er tru og vurderingar, så vidt mogeleg blir klårgjort. Når ein handsamar stoff frå framande kulturar, er det viktig at eigenverdien av desse kulturmønstra ikkje blir underslått. Når ein handsamar naturreligionane, og også andre livssyn, må på same måten ytringsformene stå for det dei er, slik at ikkje noko visst verdisyn blir lagt til grunn. Undervisninga må leggjast opp slik at elevar kan finne støtte for eit aktivt og personleg forhold til det livssynet som heimen til eleven representerer. Ein må leggje vekt på elevane sitt eiga engasjement og arbeid. Dei møter ofte med spesiell bakgrunn og spesielle føresetnader, og dei kan sjølve hjelpe til med sine røynsler, med oppfatningar og meiningar dei har, og med materiale dei kan ta med. Læraren bør i stor mon vere interessert i dei spørsmåla og problemstillingane elevane er opptekne av, og ta omsyn til dette både i etiske og religiøse spørsmål. Elevane må få høve og nok tid til å drøfte vesentlege problem ut frå etiske og religiøse synspunkt. I det heile bør samtalar og diskusjonar få ein brei plass i undervisninga. Gjennom dette kan elevane få øving i å vurdere seg sjølve, og sitt forhold til medmenneske og si evne til å høyre på andre synspunkt. Ein bør kunne leggje opp undervisninga slik at timane i livssynsorientering blir ein kombinasjon av studium, forteljing/førelesing, samtale og diskusjon. Arbeidet må vere tilpassa det alderssteget elevane høyrer til. På 1.-3. klassesteget er det formålstenleg å ta utgangspunkt i elevane sine eigne opplevingar, og bruke dette som tema for dramatisering. Slik dramatisering kan anten skje spontant som rollespel eller førebuast grundigare og framførast som eit lite skodespel. I begge tilfella bør framføringa etterarbeidast i samtalar der læraren hjelper elevane til å dra sine eigne konklusjonar av det dei har opplevd, anten som deltakarar eller som tilskodarar, under dramatiseringa. Ved sida av dramatisering er det naturleg at den levande forteljeforma får ein særleg brei plass i undervisninga på dei lågaste klassestega. Begge formene høyrer også heime på dei høgste klassestega. Etter kvart som elevane nærmar seg ungdomsskolealderen, blir det gradvis meir naturleg å gå laus på lærestoffet frå ein meir teoretisk vinkel, og i større utstrekning gjere seg nytte av litterært stoff som tek føre seg dei problema elevane har valt å arbeide med. Visuelle hjelpemiddel bør trekkjast inn til støtte for den munnlege framstellinga. Med omsyn til orienteringa om ulike religionar og kulturar kan ein finne mykje biletstoff (t.d. om mytologiske emne) i leksika, verk om oldtida, religionshistoriske bøker og i andre større oppslagsverk. Antropologiske og etnografiske verk med biletmateriale kan ein låne frå dei større biblioteka. Elles har ein film og lysbilete til skolebruk som kan brukast til åskodingsundervisning. Dei utanlandske ambassadane kan ha filmar til utlån. Massemedia kan vere ei god hjelp til aktualisering av stoffet. Det hender at elevar har foreldre eller sysken som har vore i framande verdsdelar og såleis har fotografi og ting som direkte har å gjere med emne som blir gjennomgått i undervisninga. I det heile, når ulike livssyn, religionar eller trussamfunn skal handsamast, er det viktig å vere merksam på den hjelpa ein kan få frå enkeltpersonar og grupper av personar (foreldre) , samskipnader og institusjonar, når det gjeld opplysningar, foredrag 0.1. Det vil avgjort vere til gagn, både for elevar og lærar, å sjå og høyre representantar for ulike livssyn og trussamfunn greie ut om det dei representerer. Dette bør skje i dialog med lærar og elevar. Ein bør nytte dei høve som finst til studiebesøk av ulike slag, t.d. til kyrkjer som representerer ulike trusretningar, studium av dåps- og konfirmasjonsseremoniar og museumsbesøk. Undervisninga må ofte byggje på tekstmateriale. Tekstar frå jødedom og kristendom er lett tilgjengelege ved alle skolar, elles finst det no ei rekkje omsetjingar til skandinaviske språk av religiøse tekstar frå dei store verdsreligionane, sameleis som tekstar frå naturreligionane, t.d. norrøn, gresk og egyptisk religion. Slike tekstar, og andre som gjeld både religiøse og ikkjereligiøse synsmåtar, ligg i stor utstrekning føre som billegbøker og hefte. Dette er materiale som høver både til høgtlesing i gruppa og til sjølvstudium. Frå litteraturen kan det hentast talrike døme på religiøse fenomen som ofring, blot, heilage menneske, heilage stader og tider osv. (Religiøs og historisk litteratur, t.d. Bibelen, Snorres kongesoger osv.) Det er viktig å vise samanhengen mellom fortid og notid. I folkeminnelitteratur (tradisjonssamlingar) med stoff frå ulike kantar av landet, kan vi hente døme på tru og innstillingar til mange ting i livet hos nære og fjerne forfedrar. Åtferd som er religiøst farga kan vi også sjå døme på i dei nærmaste omgivnadene våre - bøn i kyrkje - ymse seremoniar osv. Når det gjeld etiske problem, kan læraren ta til med eit par døme som viser ein heilt
Skann 359 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 357». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/359/