SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 33 skann 35

33 Leseteknikk Notatteknikk Høyre og sjå Studium av biletmateriale Audiovisuelle hjelpemiddel. annan litteratur i det daglege arbeidet. Med eit høveleg utval av litteratur tilpassa klassesteget i arbeidsromma kan elevane nytte skjønnlitteratur og faglitteratur, oppslagsbøker og leksika og på den måten tileigne seg bokkunnskap i den ordinære undervisninga. Tilgang på naudsynt litteratur gjev også hove til a gjennomføre sjølvstendige og individualiserte arbeidsformer. Elevane må lære seg gode arbeidsvanar i samband med lesing. Alt frå den første leseopplæringa skal det leggjast vekt på at elevane ven seg til å finne innhaldet i det dei les. Gjennom heile skoletida bør ein arbeide med tanke på å utvikle leseforståing, lesefart, ordtilfang og ordkunnskap hos elevane. Dei må og etter kvart lære seg til å tilpasse lesinga etter stoffet og etter formålet med lesinga. Det kan bli aktuelt med oversiktslesing, snøgglesing og studielesing. Alt på dei lågaste klassestega bør elevane få lære seg notatteknikk. Dei må få øving i å skilje vesentleg frå uvesentleg, notere nøkkelord og samle meir utførlege fakta. Ordkunnskap, understrekingar og notat i margen er viktige delar i denne opplæringa. Etter kvart kan elevane få øving i å ordne stoffet og skaffe seg oversikt over det dei les, lage resymé og gjere samanlikningar. Elevane bør få lære at notat er nyttige. Notata kan brukast når ein skal repetere eller arbeide vidare med stoffet anten det no gjeld munnleg eller skriftleg framstelling. Notatteknikk er ikkje berre aktuelt i samband med lesing. Det kan vere like viktig at elevane får øve seg i å notere under orienteringar og diskusjonar i samband med film, fjernsyn, lydband og andre audiovisuelle hjelpemiddel. Notatteknikk kan også vere nyttig ved direkte observasjon eller ved studiebesøk. Utvikling av evna til å sjå og høyre er viktig for både estetisk og sosial vokster, og det er ein føresetnad for å kunne orientere seg i vidaste meining. Gjennom undervisninga får elevane øving i aktivt å høyre og sjå, t.d. i arbeidet med å oppfatte lydar, tonar, enkle instruksjonar, form, farge, storleik og mengd. Elevane bør gjennom heile skoletida få trening i aktiv lytting. Det kan vere spørsmål om å notere seg ord med visse lydar, notere feil, høyre på ein instruksjon, finne svar på spørsmål, gje att ei skildring eller ei forteljing. Elevane bør få oppdage den verdien som ligg i fint nyansert stemmebruk i tale og song, og kor verknadsfull lyd og tone kan vere, t.d. i rytmeleik, dramatisering, bruk av instrument, lydband eller kassettar. Målet må vere avbalansert bruk av verkemidla i den daglege arbeidssituasjonen, slik at aktiv lytting kan bli eit resultat av all auditiv undervisning. Ein kan sjå på bilete på fleire måtar. Stundom er det spørsmål om å lese mest mogeleg ut av bileta. Andre gonger kan det vere spørsmål om å velje ilt dei opplysningane frå biletmaterialet som har interesse i samanhengen. Bileta kan derfor ofte nyttast til å gje elevane informasjon om aktuelle emne. Men bileta kan ha andre funksjonar. Dei kan vere skildrande eller ha spesiell estetisk verdi, dei kan gje elevane ei oppleving, eller dei kan illustrere spesielle hendingar. Illustrasjonen kan høve særskilt godt til utgangspunkt for elevarbeid, som skapande dramatikk, munnleg eller skriftleg framstelling. Det er viktig at biletmaterialet som blir brukt i skolen, har god kvalitet, kunstnarleg og teknisk, og at dei saklege informasjonane elevane får, er korrekte. Mykje bruk av bilete og massemedia kan i visse høve representere ein fare. Ein stor del av den informasjonen elevane får utanfor skolen, blir 3. Mønsterplan. Nyn.
Skann 35 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 33». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/35/