SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 348 skann 350

348 Kontor- og servicefag Faga tek sikte på å gje elevane ei allmenn teoretisk og praktisk orientering om handels og kontoryrka gjennom innføring i arbeidsmetodar og hjelpemiddel, og til dels gjennom innføring i yrkesmiljø og arbeidsvilkår. Ein bør leggje størst vekt på det praktiske arbeidet. Den naudsynte teoretiske opplæringa gjev ein i tilknyting til praktiske oppgåver. Opplegg for årskurs, særleg på 9. klassesteget. Handelsrekning. 2 timar i veka. I rekneundervisninga må ein først og fremst leggje vekt på at elevane skal oppøvast til å rekne sikkert og raskt. Dei må få lære reknelettingar og lære å ta kontrollprøver og å bruke skjøn. I praksis byrjar ein med enkle rekneoppgåver og går etter kvart over til meir samansette. I slike oppgåver bør ein velje heller enkle tal, og stoffet bør hentast frå det praktiske livet i kontor og butikk. Om det er mogeleg, bør oppgåvene vere frå det lokale næringslivet. Emne. 1. Prosentrekning (promille). Oppgåver frå handelsverksemd. Rabatt: Kasserabatt, kvantumsrabatt, forhandlarrabatt. Meirverdiavgift (utgåande og inngåande avgift) og investeringsavgift, avanse, forteneste, provisjon. 2. Renterekning. Inn- og utbetaling på reine innskots- og kassekredittkontoar med renteutrekning. Oppgåver i samband med lån, avdrag og renter. 3. Diskontering av vekslar, utrekning av dagtal og stempelavgift. Vekselfornyingar med avdrag og renter. Oppgåvene bør vere knytte til handelsverksemd. 4. Aksjar: Utbyte (dividende),, kursar, omsetning av aksjar med kurtasje og stempelavgift. Obligasjonar og renter av dei. Omsetning av obligasjonar, utrekning av forfalne, men ikkje utbetalte renter, kurtasje. Utrekning av reell rente (reelt utbyte). 5. Utrekning av dividende i samband med konkurs eller akkord. 6. Framand mynt, mål og vekt. Omrekning begge vegar etter norske kursnoteringar. 7. Enkle (ikkje samansette) handelskalkulasjonar med norsk og framand mynt, mål og vekt. Innkjøps- og salskalkylar med bruttovekt, tara, nettovekt, kommisjon, frakt, sjøtrygding, lossing, toll, hamneavgifter, spedisjon, svinn og rentetap. Prisutrekning på grunnlag av norsk mål og vekt. Salskalkylar: Grossistavanse, detaljavanse, forhandlarrabatt, meirverdiavgift (utgåande og inngåande avgift). Bruk av propangass og turkokeapparat. Forbrukarlære. Vurdering av behov og til- bod. Forbrukarrettleiing. Reklame. Privatøkonomi. Sjølvstendige matstelloppgåver. Stadeigen mat. Tradisjonar i matstell og innreiing av heimen. Mat til høgtid og fest. Seriematlaging. Lagring av matvarer. Leige av hybel, bruk, stell og vedlikehald. Einsame gamle. Heimesjukepleie og enkel diettmat. Kontakt med ein sosial institusjon. Bruk av maskinelt utstyr for matstell. Stor kjøkenmaskin, djupfrysar m.m. Hushaldsøkonomi. Kontakt med ei næringsmiddelbedrift. Bruk, stell og vedlikehald av ein familie- 2. Emne for 9. klassesteget. . Ernæring og kosthald for ein familie. Kostplanlegging. Nasjonale og internasjonale kosthaldsvanar. Hygiene i eit storhushald. bustad. Stell av tekstilar. Spedbarnsstell og småbarnsstell. Sosiale oppgåver i samfunnet.
Skann 350 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 348». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/350/