SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 347 skann 349

347 Kroppsøving Med kroppsøving som valfag tek ein sikte på å gje elevane høve til fordjuping og vidare utvikling av emne og aktivitetar i den obligatoriske undervisninga eller i meir spesielle emne. Framlegga tek sikte på kurs med eit avgrensa timetal og på kurs med eit noko større timetal. På kurs med 2-3 timar i veka kan ein gjere eit utval av dei emna som er nemnde under punkt 1-3. På kurs med 4-5 timar i veka vil det vere høve til å arbeide med fleire aktivitetar. Dessutan bør emna under punkt 4 vere del av kurset. Kurs som omfattar både praktiske øvingar og lagsarbeid, jfr. punkt 5, bør vere på minst 4 timar. Opplegg for årskurs på 2-3 timar om veka og 4—5 timar om veka. 1. Sommarhalvåret. Løpstrening, eventuelt spesiell kondisjonstrening (intervalltrening, tempo- og distansetrening). Sprint, mellom- og langdistanse. Hopp, eventuelt spesialtrening i lengde- og høgdesprang, tresteg, stavsprang. Kast, eventuelt spesialtrening i kule, slengball, diskos, liten ball, spyd. Terrengløp. Orientering. Symjing. Spesialtrening på ulike distansar. Spesialisering i ballspel, t.d. handball, basketball, volleyball, fotball. Rytmearbeid, folkeviseleik. Dramatisering og mime. 2. Vinterhalvåret. Ski : Løypeteknikk, langrennstrening. Hoppteknikk, hopptrening. Svingteknikk, slalårritrening. Skiturar, fjellsikring. Skeiser : Hurtigløp, bandy, ishockey, isdans. Leikar og konkurransar. 3. Inneaktivitetar sommar og vinter. 1. Sirkel trening, testing. 2. Hinderløp. Grunnleggjande aktivitetar. Apparatgymnastikk, turning. Ballspel. Belastningstrening, lyfteteknikk. Arbeidsteknikk, kroppsholdning, rørslelære. Med utgangspunkt i rytmiske aktivitetar: Gåskole, laupeskole, hoppskole, kroppsføring og holdning. Dramatisering og mime. 4. Kroppsøving og helselære. Framlegg til emne. Kurs i skjelett- og muskellære. Kurs i byggjande trening : Ledugskap, styrke, spenst, uthald. Verdien av oppvarming, spenning og avspenning, kroppsstillingar og rørsler. Korleis ein set saman eit treningsprogram. Kor ofte bør vi trene? 5. Kroppsøving og lagsarbeid. Idrettsorganisasjon: Lag, krins, forbund. Vi skipar idrettslag: Førebuande komité, namn, lover osv. Arbeid i laget: Kva oppgåver styret, medlemmene har. Møteteknikk. Lovverket. Elevar som gjennomgår kurs i lagsarbeid, bør få høve til å vere funksjonærar på skoleidrettsdagane. Dei bør og vere med i leiinga av skoleidrettslaga. Heimkunnskap Med utgangspunkt i måla for heimkunnskapsfaget, forbrukarlære og ernæringslære skal undervisninga ta sikte på fordjuping og vidareføring i dei emna som er valde. Hovudvekta blir lagd på praktiske aktivitetar med metodikk tilmåta etter timetalet. /. Emne for 8. klassesteget. Ernæring og kostplanar for einslege: ungdom, vaksne, gamle, sjuke. Personleg hygiene. Innkjøp og tillaging av enkle retter, gryteretter, småretter.
Skann 349 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 347». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/349/