SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 349 skann 351

349 8. Enkle industri- og handverkskalkylar (norsk mynt). Råvarer, lønningar, driftskostnader, direkte og indirekte (driftsprosent) . Tilverknadspris, avanse, leveringspris. 9. Oppgåver frå trygding, brann-, sjø- og livstrygding, med utrekning av premie. Erstatningar, tap ved undertrygding. Risikoen for selskapa, attertrygding. 10. Oppgåver frå skipsfart med utrekning av tid og fart, lasteevne i rom og vekt. Lønsemda til skipa, inntekter og utgifter. Utrekning av frakter. Time-charter, trip-charter, linjefart, tankfart. Bokføring. 2—3 timar i veka Det er viktig at elevane lærer å forstå at bokføringa gjev oversikt over forretningsøkonomien. Ein må leggje vekt på rekneskapslesing, og kvar oppgåve må drøftast grundig. Moment. 1. Prinsippet for dobbel bokføring — kontroll og plan over vår økonomi. Enkle oppgåver på T-kontoar. Oppgåveløysing i bøker : Kassedagbok, reskontro, statusbok og hovudbok^ eventuelt veksel- og akseptbok. 2. Rekneskapar for einskildmannsfirma, særleg varehandel. 3. Oppgåver med kontoar for: kapital, kasse, bank, debitorar og kreditorar, varer, inventar, handelsutgifter, lønningar, vekslar, akseptar, renter, kassekreditt, privatforbruk og oppgjerskontoar for balanse og tap og vinning. Eventuelt også kontoar for : fast eigedom, pantegjeld, pantegjeldsrenter, drift av eigedom, bil, drift av bil, aksjar, skattetrekk, eventuelt andre trekk. 4. Posteringar som omfattar kjøp og sal av varer mot kontant, på kreditt, mot veksel og aksept, og betaling med sjekk, dessutan postar som omfattar kontoane under punkt 3. Avskrivingar. Eventuelt også posteringar som omfattar føring av utgifter fob, cf, cif og franko, rabattpostering, diskontering. Postering av ei oppgåve etter vedlegg. 5. Oppgåver med fullstendig rekneskapsavslutning i hovudbok. Opning og avslutning av heil oppgåve på grunnlag av status. 6. Oppgåve frå ulike verksemder, t.d. handverksbedrift, jordbruk, eigedom. Yrkeslære. 2-3 timar i veka. Det må leggjast vekt på arbeid som har tilknyting til det praktiske livet. Forutan varehandel bør yrkeslæra omfatte emne frå anna servicearbeid og andre verksemder som kontorfolk er knytte til. Så langt det er mogeleg, bør gruppa besøkje forretningar, serviceinstitusjonar og bedrifter på staden. Slike besøk må førebuast godt og bli følgde opp med etterarbeid. Ein bør samle inn prøver av ymse slag varesortar. Til kvart emne kan ein arbeide ut oppgåver til praktiske øvingar. Det bør vere øvingar i praktisk kontor-, butikk- og anna servicearbeid med handelslære og noko varekunnskap. Elevane kan lage arbeidsbøker, der dei samlar arbeida sine, både det teoretiske stoffet og resultatet av dei praktiske øvingane. Ein bør prøve å halde ved like stoff og arbeidsoppgåver frå dei tidlegare områda etter kvart som ein gjennomgår nye. På denne måten kan ein få repetert stoffet og få samanheng i undervisninga. Emne. 1. Føretaksformer. Kort innleiing om plassen omsetninga har i det moderne samfunnet. Einskildmannsfirma. Detaljhandel : Landhandel, bransjeforretning, spesialforretning, filialforretning. Snarkjøp. Engroshandel. Forhandlarrabatt, kasserabatt. Samvirkelag. Aksjeselskap, jfr. emne nedanfor om aksjar og obligasjonar. Betalingsvilkår : Kontant, avbetaling, kreditt. Arbeidsoppgåver med: rekning, nota, sluttsetel, faktura, kvittering, kontrakt og avbetaling. 2. Betalingsmåtar. Kontantar. Bankremisse. Sjekk. Litt om bruken av sjekk, kryssa sjekk. Brevsjekk, reisesjekk, utanlandssjekk, kontantsjekk. Vekslar, eigen veksel. Endossering og diskontering. Bankgiro. Litt om verkemåtar.
Skann 351 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 349». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/351/