SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 32 skann 34

Elevane skal lære å lære Kontinuerleg studieopplæring Studieopplæring, ein naturleg del av undervisninga Finne informasjon Bokkunnskap Arbeidsmåtar ELEVAKTIVITET Studieopplæring. I skolearbeidet og seinare i livet vil elevane ha behov for å kunne skaffe seg orientering og tileigne seg kunnskap. Elevane må derfor lære^scg-4 lære. Skolen må sjå det som ei viktig oppgåve å få elevane med i læringssituasjonen og gje dei hjelp til å utvikle gode arbeidsvanar og effektiv studieteknikk. På denne måten kan elevane etter kvart bli i stand til å arbeide med staHig~større oppgåver på eiga hand og få mindre detaljrettleiing frå læraren. Ein bør leggje vinn på å fremme ei sjølvstendig kritisk holdning hos elevane overfor den orientering dei får. Samtidig bør elevane bli stimulerte til å vere opne for nye tankar og vurderingar. Studieopplæring tek til når skolegangen byrjar. Undervisninga opp gjennom skolegangen bør leiast slik at elevane etter kvart lærer seg korleis dei med medvite arbeid sjølv kan hjelpe til med å gjere læringa meir interessant og rasjonell. Dei bør oppmuntrast til sjølv å vere aktivt vurderande overfor sin eigen arbeidsmåte. Dei bør finne ut om dei arbeider på den beste måten, korleis måten kan gjerast betre, og framfor alt om dei kan arbeide meir rasjonelt. Gjennom det daglege arbeidet må elevane få lære kor verdfullt det er med pausar og variasjon, og kva det har å seie å vere utkvilt. Den beste form for studieopplæring er å få innarbeidd gode studievanar i det daglege arbeidet. Ansvaret for sjølve opplæringa i studieteknisk kunnskap og i gode arbeidsmåtar er lagt til faget norsk. Men gode arbeidsvanar og effektiv studieteknikk er like aktuell innanfor alle fagområde. Ved å nytte dei høve som dei ulike fagområda innbyr til, kjem innlæring og bruk av ulike former for studieteknikk i ein naturleg samanheng. Elevane må få venje seg til å hente orientering frå mange ulike kjelder. Dei skal bli kjende med kvar dei kan finne informasjon, og dei skal bli kjende med korleis dei kan utnytte hjelpemidla. Slik røynsle får elevane ved å øve seg i å bruke bøker, bibliotek, studiepakkar og liknande og ved å møte presse, radio og fjernsyn og andre massemedia i skolen. Bøker er ei god kjelde til informasjon og oppleving. Frå skolegangen tek til bør elevane ha tilgang på variert lesestoff til stillelesing. Lærebøkene har ein sentral plass i skolen, og elevane må lære seg til å gjere full bruk av dei. Men det er like viktig at elevane lærer seg til å bruke
Skann 34 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 32». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/34/