SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 346 skann 348

346 Musikk Med utgangspunkt i måla for musikkfaget skal undervisninga ta sikte på fordjuping i dei emneområda ein har valt. Samansetninga av gruppa og dei føresetnadene elevane har, må avgjere korleis undervisninga skal leggjast opp i dei ulike disiplinar. A. Opplegg for årskurs på 2-3 timar om veka. Samspel /samsong. Samspelgrupper /vokalgrupper. Arbeidsopplegget bør gje høve til individuell øving, instrumental og/eller vokal opplæring. Song, musikkhistorie, musikkunnskap og kunstorientering. Fordjuping i eitt eller fleire emne i musikken. Døme: Musikk og andre kunstarter i ein viss stilperiode. Musikk og dans. Utviklinga av jazzen. Folkemusikk frå mange land. Korleis folkemusikken har verka inn på kunstmusikken i vårt land. Vi lagar ein operette (musical). B. Opplegg for årskurs på 4-5 timar om veka. Instrumental/vokal opplæring. Opplæringa bør følgje eit fast opplegg. Samspel /samsong. Samspelgrupper og vokalgrupper. Song, musikkhistorie, musikkunnskap og kunsthistorie. Fordjuping i eitt eller fleire emne i musikken. Døme: Emne nemnde under punkt A. Utviklinga av orkesteret. Ein kjend komponist. Opera /operette /musical. Vår tids musikk. Vår tids komposisjonsteknikk. Musikklivet på heimstaden. Forming Med utgangspunkt i måla for formingsplanen skal undervisninga ta sikte på fordjuping i dei emneområda som er valde. Når det er valfag, kan ein leggje vekt på avgrensa emne som ein tek meir grundig enn den obligatoriske undervisninga gjev høve til. Opplegg for halvårskurs på 3-4 timar om veka. Biletlaging og skulptur: Grafikk, måling, oljepastell, leire og andre tredimensjonale materiale. Keramikk: Små bruksting og dekorativ keramikk i leire. Begitningsfargar og klår glasur. Måling: Arbeid med akvarell,, dekkfargar, oljepastell og tempera. Dekorativ biletforming. Bustadforming : Innreiing av klasserom, klubblokale, hytta til skolen. Bygging av interiørmodell, med fargar, tekstilar, møblar. Teori naturleg knytt til det praktiske arbeidet. Klede og utstyr til klede : Forming av enkle klede til eige bruk, personleg utforma etter grunnmønster. Tekstiltrykk og annan dekor. Smykke, knappar og vesker som høver til kleda. Tre- og metallarbeid : Forming av einskilde bruks- og pynteting, eventuelt med dekor.
Skann 348 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 346». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/348/