SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 31 skann 33

31 Sjølvkontr oller ande arbeidsmateriell. Differensiering gjennom valfag Varierte og jamstelte tilbod. desse elevane har for individuell hjelp, kan berre stettast ved at læraren har høve til å arbeide med kvar einskild elev. Sjølvinstruerande materiell må så sant det er mogeleg, vere sjølvkontrollerande. Elevane må kunne føre kontroll med sitt eige arbeid og sin eigen framgang. Særleg i fag der stoffet naturleg må vere ordna etter visse progresjonslinjer, bør arbeidsmateriellet vere slik at eit spørsmål om standpunkt i faget på det nærmaste vil vere eit spørsmål om kor langt eleven er kommen i den tilrettelagde rekkja av stoffdelar. Differensiering ved hjelp av valfag vil som regel bli organisatorisk differensiering. Det må lagast nye grupper eller klassar for at dei som har valt likt, kan få gå saman. Ved gjennomføring av differensieringa må ein da følgje gjeldande reglar om klasseordning og gruppelaging. Ved valordninga skal elevane få velje fritt mellom dei ulike alternativ som grunnskolen kan by dei. Prinsippet blir ikkje krenkt om ikkje alle elevar av praktiske grunnar kan få sine ynske oppfylte. For få elevar, lite variert fordeling av ynska, mangel på lærarar, lokale eller utstyr kan vere årsak til at ikkje alle variasjonsmåtar kan utnyttast til kvar tid. Ein må oppfatte valfridomen slik at det ikkje er høve til å binde valet av noko alternativ til visse minstemål av kunnskap eller evner hos eleven. Det er altså naudsynt å forme ut alternativa slik at alle kan få høve til å velje dei. Med denne reservasjonen bør valfaga vere så varierte som mogeleg når det gjeld fagleg karakter og innhald. Dei bør appellere til evner og interesser på mange ulike område, like mykje praktiske og estetiske som fysiske og intellektuelle. Både når det gjeld art og nivå, bør dei spenne over eit vidt register. Samtidig bør faga vere mest mogeleg jamstelte på den måten at valet av det eine ikkje i høgare grad enn valet av det andre får konsekvensar for seinare val.
Skann 33 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 31». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/33/