SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 30 skann 32

30 Differensiering mest naudsynt i visse fag. Individualisering. Individualisering gjennom heile skolen og i alle fag. Samanhaldne klassar. Sjølvins truer ande arbeidsmateriell. Utan omsyn til kva steg det er tale om, vil det vere mest om å gjere å differensiere i dei faga der arbeidet må følgje ein meir eller mindre fast progresjon. Av dei obligatoriske faga i grunnskolen gjeld dette først og fremst norsk, matematikk og engelsk. Her er det stadig slik at læringa byggjer på tidlegare læring i vedkommande fag. I desse faga blir det derfor svært stor avstand mellom dei raskaste og dei seinaste elevane, og avstanden blir berre større og større. Derfor blir det og vanskeleg å organisere undervisninga. Ein bør prøve å løyse differensieringa i fellesfaga så langt råd er på individuelt plan utan omsyn til kva for organisatoriske ordningar ein meiner er best. Differensieringstiltaka bør altså meir ha den einskilde eleven for auge enn grupper eller kategoriar av elevar. Det er ikkje typar, men individ skolen og skolearbeidet ideelt sett skal tilpassast til. Individualiseringa må likevel ikkje gå så langt eller skje på ein slik måte at elevane ikkje far rikt høve til å samarbeide. Mellom anna skal dei lære seg å samarbeide og leve saman med menneske med ulike evner og interesser, og med varierande dugleik på ulike område. Det som er sagt her, gjeld ikkje berre fag som norsk, matematikk og framandspråk. I alle fag og på alle steg er det ynskjeleg å individualisere arbeidet. Dersom ein prinsipielt går inn for ei individualisering, er ho i røynda like naudsynt på det første som på det siste klassesteget. Det målet det er tale om, er å gjere det mogeleg for den einskilde eleven å realisere sine evner gjennom heile skolen og i alle skolefaga. Den einskilde eleven skal ikkje på noko klassesteg og på noko område bli halden tilbaka i si utvikling og si læring, og han skal heller ikkje på noko klassesteg eller på noko område møte krav om tempo og innsats som ikkje svarar til dei føresetnadene han har. I den mon det lykkast å gjennomføre ei slik individualisering av arbeidet, vil dei klassane som blir skipa når grunnskolen tek til, kunne halde seg uforandra gjennom heile skoletida. Frå eit administrativt og organisatorisk synspunkt er det ein føremon å ha samanhaldne klassar i alle fellesfag, og like eins med tanke på oppgavene til klassestyraren. Ein må og leggje vekt på at det er mindre naudsynt å gjere skolane store dersom differensieringsproblemet i fellesfaga kan løysast på ein slik måte at tilfeldig samansette klassar kan bli haldne uforandra heilt til topps i grunnskolen. Likevel er det ikkje utan vidare slik at skolen alltid skal nytte dette høvet. Ut frå eit administrativt og organisatorisk synspunkt vil samanhaldne klassar høve særleg godt ved små ungdomsskolar. Individualisering av undervisninga stiller bestemte krav både til læremiddel og arbeidsmåtar. Særleg må ein sjå det som eit vilkår at skolen kan by elevane sjølvinstruerande arbeidsmateriell på dei viktigaste fagområde, slik at dei i stor mon kan ta seg fram på eiga hand. I dette vilkåret ligg da og at materiellet må vere tilpassa heile den spreiinga som normalt vil finnast i tilfeldig samansette klassar både med omsyn til evner, interesser og arbeidskraft. Det primære er at det blir praktisk mogeleg for elevane å arbeide i ulikt tempo og på ulike faglege nivå. Men individuelt arbeid i ei slik form krev monaleg sjølvstende, oppgåvemognad og arbeidsevne hos elevane. Ein må rekne med at for ein del elevar vil sjølvinstruerande materiell vere til liten nytte. Dei behova
Skann 32 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 30». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/32/