SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 29 skann 31

Differensiering Generelt om differensiering Formål. Pedagogisk og organisatorisk differensiering. Faglege og sosiale sider ved differensieringa. Vurderings- og kompetanseproblem. Det frie val. Informasjon. Differensieringsbehov på begynnar steget. Det ein ynskjer å oppnå med ei differensiering, er å tilpasse undervisninga og skolearbeidet, så langt det er råd, til føresetnadene hos den einskilde eleven. Formålet er vidare å skape så gode vilkår som mogeleg for læring i fagleg meining, for karakter- og personlegdomsvokster, for fysisk og psykisk helse og for at elevane skal trivast på skolen. Dersom elevane kan fa arbeide med ulikt lærestoff både når det gjeld nivå, tempo eller art i ein og same klassen, er det vanleg å seie at differensieringa er pedagogisk. Men dersom val av ulikt lærestoff fører til at elevane også sosialt sett må skilje lag, at dei må grupperast på nytt etter det valet dei har gjort, talar vi om ei organisatorisk differensiering. Røynslene har vist at den tilfeldig samansette klassen kan haldast ved like som sosial einskap sjølv om elevane far arbeide med så ulikt lærestoff at dei fagleg sett kjem langt frå kvarandre. Føresetnaden er da at sjølvinstruerande og sjølvkontrollerande læremiddel i nokon mon kjem i staden for klasseundervisning. Men sjølvsagt vil det vere slik at di større fagleg avstand differensieringa skaper mellom elevane i dei opphavleg organiserte klassane, di meir aktuelt vil det vere å lage grupper med større fagleg homogenitet. Ein oppnår da dei føremonene som vanleg klasseundervisning gjev. Dei differensieringsordningane som blir valde, må ikkje få konsekvensar for vurdering av standpunkt og prestasjonar til elevane, og for det høvet dei i neste omgang gjev elevane til å gjere nye val, anten i grunnskolen eller ved overgangen til vidaregåande skolar. Eit val mellom alternativ er mykje meir viktig og problematisk dersom det får følgjer for vurdering og kompetanse. Elevane må fritt få velje mellom valfaga skolen kan tilby, utan at valet har som vilkår at elevane har oppnådd visse kunnskapar eller dugleik eller har visse evner. Føresetnaden for det frie valet er at skolen gjev elevane og dei føresette grundig informasjon om alle sider ved eit slikt val. I alle fag og på alle steg i skolen er det meir eller mindre naudsynt å gjennomføre ei differensiering. Såleis er det eit sterkt differensieringsbehov på begynnarsteget, og da særleg i dei faga der elevane skal skaffe seg grunnleggjande dugleik. I tilfeldig samansette klassar vil spreiinga her ofte vere så stor at det er naudsynt å differensiere undervisninga m.a. ved å organisere hjelpe- og støttetiltak. *
Skann 31 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 29». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/31/