SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 315 skann 317

315 Innlæringa av språkmønstra er slik at det same mønsteret blir gjennomgått i ulike variasjonar og i stadig utvida samanheng. I den første gjennomgåinga øver ein hovudtypen, seinare variantar av han. Nye språkmønster bør innførast med stor varsemd. Ein bør ikkje gjennomgå fleire nye mønster samtidig eller like etter kvarandre. Ein må også passe på at berre ordtilfang som elevane er fortrulege med, blir brukt når språkmønster skal innøvast. Dette er særleg viktig dei første gongene under øvinga. Tekstgjennomgåing. Ein tekst gjennomgår ein intensivt eller ekstensivt. Intensiv gjennomgåing krev inngåande studium av teksten og øving slik at elevane forstår innhaldet, meistrar uttalen og er fortrulege med dei nye språkmønstra. Den intensive tekstgjennomgåinga må det vere læraren som leier. Ein må setje store krav til form og innhald i den teksten som skal gjennomgåast intensivt. Han må utformast slik at han blir ein naturleg læregang der vanskegraden aukar jamt med omsyn til ordtilfang, uttrykk og språkmønster. Innhaldet bør vere variert og interessevekkjande og tilpassa mognadsnivået til elevane. Ekstensiv lesing er den vanlege forma for tekstgjennomgåing med utfyllande lesnad. Ekstensiv lesing skal tene til å feste og halde ved like det språkstoffet som er innlært, utvikle lesedugleiken og auke språkforståinga. Det er eit krav at elevane skal ha tilgang på utfyllande lesnad som verkar motiverande og stimulerande på interessa deira for språket, men ein bør også ha auge for at ekstensiv lesing kan gje nyttig informasjon og realkunnskapar. Ein bør prøve å komme elevane i møte i deira ulike interesser og føresetnader ved å la dei arbeide med kvar sine tekstar einskildvis eller i grupper. Skriftlege øvingar. Dei skriftlege øvingane har ei dobbel oppgåve. Først og fremst skal dei stø opp om den munnlege undervisninga og hjelpe til å feste tilfanget av ord, uttrykk og språklege mønster. Dernest skal elevane litt etter litt få ein viss tame i å uttrykkje seg skriftleg så korrekt som mogeleg. Skriftlege øvingar bør derfor bli samordna med den munnlege undervisminga, og på alle steg bør dei skriftlege øvingane vere nøye førebudde. Dei skriftlege øvingane bør i hovudsaka vere einspråklege. Oppgåvene bør varierast etter det språklege nivået til elevane. Desse øvingane gjev også verdfullt høve til individualisenng. FORDELING AV LÆRESTOFF OG ARBEID PÅ DEI ULIKE KLASSESTEGA Undervisning i det andre framandspråket på 8.-9. klassesteget. Lærebokvokabular og grammatikkmoment blir nemnde i separate rettleiande lister for kvart einskilt språk. Først munnleg undervisning med vekt på å lytte og forstå med samtidig innøving av uttale ved imitasjon. Sterkt avgrensa ordtilfang - enkle setningsmønster. Utgangspunkt i ting, bilete, handlingar og innspela lydmateriale. Overgang til grunnleggjande undervisning med vekt på høyre- og taleøvingar og innøving av uttale i tilknyting til daglegdagse situasjonar, til innspela materiale, bilete og lesen tekst. Gradvis utviding av ordtilfang, uttrykk og grammatiske mønster. Samtaleøvingar, også elevane imellom. Referat av lesen tekst og innspela materiale, frie taleøvingar, dialogar og dramatisering. Elevaktivisering. Lesing av tekstar med eit gradvis aukande tilfang av frekvente ord, uttrykk og grammatiske mønster. Ekstensiv lesing. Varierte, einspråklege skriftlege øvingar. LÆREMIDDEL 1. Komplett læremiddelsystem, eller lærebøker og lærarrettleiingar med tilpassa materiell for munnlege og skriftlege øvingar. Fasit. 2. Vanskegradert stoff til utfyllande lesing. 3. Språklære. 4. Skoleradio- og skolefjernsynsprogram. 5. Lydband og lydbandinnspelingar. Grammofonplater. 6. Ting, modellar, bilete, flanellografmate- riell, kart og transparantar. 7. Oppslagsbøker og leksika. 8 . Apparatur : tavler - bandspelarar - radioapparat - ekstra høgtalar - biletband- og filmapparat - skriftprosjektør - flanello- graf- stensilapparat. VURDERING Ved vurderinga skal ein følgje dei retningslinjene som er gjevne i kapitlet Vurdering i den generelle delen av mønsterplanen. Vurderinga tek utgangspunkt i skolen si generelle målsetjing, faget si spesielle målsetjing og eleven sine føresetnader på fagområdet, og ein må ta omsyn til dei undervisningsmetodane og arbeidsformene som er nytta. Ved vurdering av eleven si arbeidsevne i
Skann 317 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 315». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/317/