SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 316 skann 318

316 eit fag må ein ta omsyn til eleven sitt kjennskap til og dugleik i å utnytte faget sine hjelpemiddel, evne til sjølvstendig arbeid og til arbeid i grupper. Det er ikkje nok at læraren vurderer elevane sin arbeidsmåte og resultata av arbeidet deira, like viktig er det at elevane får øving i sjølv å vurdere. Den einskilde eleven sitt arbeid må vurderast med jamne mellomrom, både for å stimulere interessa for faget og for å gje rettleiing for vidare arbeid. Eit avslutta arbeid må vurderast snarast mogeleg. Ved vurderinga av eleven sin framgang i det andre framandspråket må ein ta omsyn til alle fire dugleikar. Prøver som blir nytta i samband med vurderinga, bør derfor dekkje både høyreforståing, leseforståing, munnleg uttrykksevne og skriftleg uttrykksevne.
Skann 318 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 316». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/318/