SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 314 skann 316

314 ARBEIDSMÅTAR Høyre- og taleøvingar. Undervisninga bør på alle steg så langt råd er vere på det framande språket slik at kvar leksjon blir ein serie naturlege høyre- og taleøvingar. På denne måten får elevane stadig øving i å oppfatte og forstå språket. Læraren må alt frå dei første leksjonane tale i eit naturleg tempo og utan å overdrive artikulasjonen, men det krevst at strukturog ordvalet skal vere enkelt. For å venje elevane til å oppfatte ulike stemmer bør læraren regelfast bruke innspelingar. Til dette er lydband og program frå skolekringkasting og fjernsyn nyttige. Innspela materiale kan nyttast til reine høyreøvingar, men i regelen blir høyreøvingane kopla saman med taleøvingane. Grunnlag for taleøvingar kan også vere bilete, trykt tekst og kjende, konkrete situasjonar i og utanfor klasserommet. Jamvel om ein situasjon er kjend for elevane, kan det vere ein fordel å bruke eit bilete som gjer situasjonen tydeleg og reindyrkar han slik at merksemda i sterkare grad blir retta mot det vesentlege. Føremålet med taleøvingane er å øve opp elevane til spontant å kunne uttrykkje tankar og førestellingar på det framande språket. Øvingane kan vere heilt styrte av læraren. Ei slik bunden taleøving blir brukt for innlæring av språklege mønster og for den grunnleggjande innøvinga av ord og uttrykk. Nye ord blir da innøvde i kjende strukturar, og nye strukturar blir øvde med kjende ord. I desse taleøvingane er ofte spørsmåla formulerte slik at elevane i svara sine må bruke det språklege momentet som skal innøvast. Tekstane i læreboka bør så mykje som mogeleg bli brukte som grunnlag for bundne taleøvingar. Men det skal også vere friare taleøvingar. Dei skal gje elevane øving .i fritt og utvunge å bruke det stoffet dei tidlegare har arbeidd med i dei bundne taleøvingane. I byrjinga avgrensar ein dei frie taleøvingane til enkle oppgåver, elevane fortel til dømes noko dei har lytta til eller lese, gjev korte skildringar av eller uttrykkjer meininga si om enkle emne. Etter kvart kan den frie taleøvinga få form som ein enkel samtale. I dei bundne taleøvingane bør i regelen alle feil rettast. Det er likevel særs viktig at læraren leier øvingane på ein slik måte at ein mest mogeleg unngår feil. Han bør formulere spørsmål slik at elevane i sjølve spørsmålet kan finne det viktigaste av det dei skal bruke i svaret. Også i dei frie taleøvingane skal ein streve etter rett språkbruk, men ein bør vere varsam med rettingar så elevane ikkje mister lysta til å uttrykkje seg fritt og spontant på det framande språket. Elevane bør få merke at ein prestasjon blir verdsett jamvel om han ikkje er formelt uklanderleg. Uttale. Uttalen må ein vie stor merksemd på alle steg, og særleg på første steget. Språklyd, rytme og intonasjon lærer ein i hovudsaka ved imitasjon. Likevel kan det av og til vere nyttig med ei konkret skildring av korleis ein framand språklyd blir laga. I regelen bør kvar taleøving samtidig vere ei uttaleøving. For at alle elevar skal få så omfattande øving som mogeleg, bør uttaleøvingane stort sett vere korøvingar. Særleg rytme og intonasjon kan innøvast effektivt på denne måten dersom øvingane blir gjennomførte i naturleg tempo. Høgtlesing av ikkje-innlært språkstoff bør ein aldri ha. Lesing — individuelt eller i kor - kan ein gjennomføre slik at læraren sjølv les føre eller mønsteret blir spela på ein bandspelar. Eit innlæringsstudio gjev læraren mykje betre høve til å individualisere og effektivisere undervisninga i uttale. Elevane bør få orientering om dei viktigaste lydteikna, plassering av trykkaksentar 0.1. , slik at dei kan ha nytte av denne kunnskapen når dei bruker ordbøker og ordlister. Grammatikk. Innlæring av grammatiske moment skjer gjennom systematiske øvingar med utgangspunkt i tale eller tekst. I øvingane må ein leggje vekt på å skape talesituasjonar som står den naturlege samtalen nær. Om det er mogeleg, bør ein struktur presenterast på ein slik måte at elevane heilt frå først av blir merksame på prinsippet i den strukturen som skal øvast. Øvingane må byggjast opp slik at dei etter kvart leier fram til stadig større innsikt i korleis språket er oppbygd. Kommentarar, slutningar og reglar kan i visse høve klargjere og feste enda meir det som blir øvd. Alle grammatiske reglar må formulerast med utgangspunkt i det framande språket. Naudsynte grammatiske forklaringar kan ein gje på norsk for at dei skal vere tydelege. Dei språkmønstra som elevane skal meistre aktivt, blir avgrensa til det som er naudsynt etter tyding og frekvens. Målet for øvingane er at elevane sjølv skal kunne bruke mønsteret i tale og skrift. For at elevane skal få ei breiare og meir presis forståing av det framande språket, må dei dessutan kunne identifisere og forstå språkstoff ut over det som dei sjølv skal kunne bruke i tale og skrift.
Skann 316 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 314». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/316/