SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 313 skann 315

313 Andre framandspråket: Fransk, russisk, spansk, tysk MÅL Undervisninga i det andre framandspråket skal ta sikte på - å gje elevane praktisk oppøving i språket, som kan gjere det lettare for dei åfå kontakt, munnleg og skriftleg, — å leggje eit så godt grunnlag som mogeleg for vidare opplæring i faget, - å byggje opp ei slik innstilling til språket at elevane får interesse for å lære meir og lyst til å bruke språket. Elevane skal utvikle allsidig språkdugleik gjennom øving i å forstå språket, uttrykkje seg munnleg, lese og forstå tekstar og uttrykkje seg skriftleg innanfor eit sentralt tilfang av ord, uttrykk og grammatiske mønster. LÆRESTOFF Undervisninga i det andre framandspråket tek utgangspunktet sitt i språket som eit middel til munnleg kommunikasjon og kontakt med andre menneske. Den viktigaste oppgåva for undervisninga blir derfor å lære elevane til å oppfatte og tale språket først og fremst i enkle, daglegdagse situasjonar. Viktig er det å kunne lese på det framande språket og forstå innhaldet i det ein les. Evna til å uttrykkje seg skriftleg skal også oppøvast, både som støtte for øving i munnleg dugleik og som sjølvstendig uttrykksmiddel. Språkundervisninga i grunnskolen tek altså sikte på oppøving i ymse slag kommunikasjonsdugleik. Denne treninga må ikkje bli livlaus og mekanisk, men bør opplevast av elevane som meiningsfylt og stimulerande. Det er derfor naudsynt at ein tek omsyn til miljøet språket lever og utviklar seg i. Den allsidige målsetjinga for undervisninga tilseier at dei ulike øvingsområda blir samordna slik at elevane, når dei er komne ut over det første steget, så mykje som mogeleg i kvar leksjon øver på alle område som er nemnde i målet for undervisninga. Både høyre-, tale- og skriveøvingar kan ta utgangspunkt i skildringar, forteljingar og dialogar som elevane får høyre eller lese. Dette språkmaterialet bør vere slik at det gjev grunnlag for innøving av ord, uttrykk og språkmønster. Materialet kan konkretiserast ved bruk av ting og bilete eller ved tilknyting til kjende situasjonar. Materialet bør innehalde eller gje utgangspunkt for informasjon om daglegliv, geografi og samfunnsforhold i land der språket blir brukt. Grammatikkmomenta bør innførast planfast. Det same gjeld ord og uttryk. Ei ramme for det språkstoffet som ein skal arbeide med, finst i ei rettleiande liste over grammatikkmoment og i ei rettleiande vokabularliste for kvart einskilt språk. Arbeidet med lærestoffet må gå etter ein nøye tilpassa plan og med ein progresjon som er tilmåta faglege og pedagogiske omsyn. Dette hindrar ikkje at ein kan komplettere systemet med frittståande læremiddel som t.d. radio- og fjernsynsprogram, innspela lydmateriale og tekstar for fri lesing. Når slikt stoff blir brukt, må det likevel ha naturleg tilknyting til og bli integrert i det undervisningsopplegget ein i hovudsaka følgjer. Innprenting av lærestoff ein har arbeidd med tidlegare, presentasjon av nytt stoff og innøving av dette er så viktige ledd i undervisninga at storparten av tida må viast til dette arbeidet. Mesteparten av innlæringa blir såleis gjord på skolen. Ein bør vere merksam på at elevane kan ha svært ulike generelle føresetnader, også for å lære språk. Men jamvel ein svært avgrensa språkdugleik og ei orientering om nokre få drag i sivilisasjonen og kulturen til eit framandt folk kan vere av stor verdi for eit menneske. Val av innspela materiale og trykte tekstar bør ein gjere med tanke på individualisering. Frå jamstellingssynspunkt er det viktig at både menn og kvinner, gutar og jenter slik dei framtrer i tekst, øvingsdøme og grammatiske døme, legg for dagen ulike interesser og aktivitetar. Ein må rekne med at dømevalet har ein umedviten innverknad på elevane.
Skann 315 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 313». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/315/