SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 312 skann 314

Valfag og valemne Mål for undervisning i valfag. Valfaga og valemna er ein viktig del av undervisninga på ungdomssteget. I samsvar med interesser og behov hos elevane skal dei hjelpe til med å styrkje og utvikle allmenn og yrkesførebuande kunnskap og dugleik og stimulere til meiningsfylt sysselsetjing i fritida. Organisering av valfag. Undervisninga bør ein organisere fleksibelt innanfor alle fagområda. Omfattande opplegg kan gjennomførast over skoleåret, eventuelt over fleire skoleår. Avgrensa emne kan ein leggje opp som halvårskurs. Det kan vere føremålstenleg å leggje opp halvårskurs med 37 timar og kurs over skoleåret med 74 timar, det vil seie med 2 timar i gjennomsnitt i veka. Det er rimeleg å leggje opp undervisninga i tidkrevjande emne med ei ramme på 74 timar for haust- eller vårkurs og 148 timar for skoleåret, det vil seie med 4 timar i gjennomsnitt i veka. Andre timetalsrammer kan ein med fordel velje, dersom faget eller emnet innbyr til det, t.d. halvårskurs på 55 timar og årskurs på 111 timar, det vil seie med 3 timar i veka. I emne der det er behov for skifte mellom kortare og lengre arbeidsperiodar, kan turnusordning komme på tale, t.d. 1 time til teoretisk innføring den eine veka og 3 timar til praktisk arbeid neste veke. Mange emne innbyr til gruppelaging med elevar frå fleire årskull. Dette gjeld særleg aktivitetar som dramatisering, korverksemd, samspel og lagidrett. Ein del emne vil høve for studiesirkelopplegg. Avgrensing av valfagstilbod. Interesser og behov hos elevane må i rimeleg grad vere avgjerande for valfagstilbod. Dei ressursane skolen har, t.d. tilgang på kvalifiserte lærarar, høvelege lokale og føremålstenleg utstyr, og tal på elevar som melder seg til dei einskilde valfaga, kan avgrense talet på tilbod frå tid til tid. Undervisningsopplegg for valfag. Det er arbeidd ut fagplan for andre framandspråk - fransk, russisk, spansk og tysk — med rettleiande liste over grammatikkmoment og rettleiande vokabularliste for kvart einskilt språk. Matematikk og samfunnsrekning har eigen valfagsplan for 9. klassesteget. Det er arbeidd ut planskisser for musikk, forming, kroppsøving og heimkunnskap som valfag. Desse faga innbyr til å leggje vekt også på andre emne enn dei det er gjort framlegg om i planskissene. Med utgangspunkt i dei respektive fagplanane i dei obligatoriske faga bør skolestyret kunne arbeide ut lokale planskisser i samsvar med elevinteressene og vilkåra skolen har for å gje varierte tilbod. Det er også arbeidd ut enkle planskisser for ymse valaktivitetar med friare tilknyting til skoleundervisninga. I oversynet nedanfor er det dessutan gjort framlegg om ein del emne for valtilbod utan tilknyting til planskisse. Ein går ut frå at planar blir utarbeidde lokalt. Det kan og vere føremålstenleg å utdjupe obligatoriske emne som valfag. Samarbeid med organisasjonar. Valfagsopplegga i skolane bør, når det høver, bli samordna med liknande tiltak for ungdomen i distriktet. Det skulle såleis vere grunnlag for eit samarbeid mellom ungdomsskolen og ein eventuell musikkskole, ei arbeidsstove e.L, og mellom grunnskolen og organisasjonar som driv ungdomsarbeid på tilsvarande område, t.d. songforeiningar og idrettslag. Der det er eigne fritidsleiarar, idrettskonsulentar e.1., bør dei bli innbedne til å vere med i dette samarbeidet. Timefordelingstabellen for ungdomssteget nemner timetal som står til disposisjon for valfaga.
Skann 314 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 312». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/314/