SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 28 skann 30

28 Omsyn til utstyr og materiell. Lærestoff og arbeidsmåtar evna til kritisk og sjølvstendig vurdering ikkje berre blir utvikla ved at grunnverdiane blir konfronterte med andre førestellingar, men også ved at grunnverdiane blir brukte som grunnlag for kritikk av ulike fenomen i kultur- og samfunnsliv. Ved val av lærestoff må skolen og læraren også ta eit visst omsyn til det utstyr og dei hjelpemiddel ein rår over, eller som kan skaffast. Dette må berre ikkje vege så tungt at sentralt stoff blir sløyfa med grunngjeving i den materielle situasjonen. Både skolen og læraren må kjenne seg ansvarlege og forplikta, slik at dei emne og stoffdelar som ein held for naudsynte og vesentlege, kan komme best mogeleg til sin rett. Det er ein viss samanheng mellom lærestoff og arbeidsmåtar. Av den grunn må ein velje lærestoff med tanke på at det skal stimulere til bruk av skiftande og utviklande arbeidsmåtar. Også dette krev at stoffmengda må haldast innanfor rimelege grenser. Omfanget av lærestoff må ikkje vere av slike dimensjonar at det kjem i vegen for arbeidsformer som gruppearbeid, diskusjonar, ekskursjonar, leirskole 0.1. Det må understrekast at stoffvalet bør vere slik at det og fremmar utviklinga av arbeidsdugleiken til elevane. Ved eit tilstrekkeleg allsidig stoffutval kan ein sikre seg at det blir høve til varierande arbeidsmåtar, som skiftevis krev reseptiv, reproduktiv og produktiv verksemd av elevane.
Skann 30 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 28». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/30/